Fylkestinget i Vestland ber om at forhandlingane om bygging av ferjeavløysingsprosjektet Atløysambandet held fram

Etter handsaming av sak om prosjektet i fylkestinget 25. mars vil fylkeskommunen gå vidare med forhandlingar med sikte på å få fram ein avtale om bygging.

Oversiktsbilde av eit fylkestingsmøte i Vestlandssalen i Vestlandshuset i bergen. Vi ser framover i salen frå bak sitteplassane som går nedover til golvet framme i salen, der er det eit smalt bord med tre personar, og ein talarstol til venstre i bildet. Materialane i salen er i tre og er trefarga. fremst i bildet ser vi ryggen og bakhoda til fire personar som ser framover i salen.
FYLKESTINGSVEDTAK: Fylkestinget har merksemd på kostnadsutviklinga i ferjeavløysingsprosjektet Atløysambandet, men vedtok å gå vidare med forhandlingar i møte 25. mars. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Fylkestinget godkjende kostnadsramme og byggestart for Atløysambandet i juni 2025, etter at det vart godkjent som ferjeavløysingsprosjekt av staten i 2023. Etter utlysing av anbod hausten 2025 og handsaming av sak i fylkestingsmøte 25. mars 2026 vil fylkeskommunen forhandle vidare med tilbydararar med sikte på å få fram ein avtale om bygging.  

– Atløysambandet er eit stort investeringsprosjekt for Vestland fylkeskommune. Prosjektkostnaden tilsvarar til dømes to til tre store vidaregåande skular, og utfordrar soleis det fylkeskommunale handlingsrommet framover, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

– Kostnadsveksten sidan prosjektet vart godkjent som ferjeavløysingsprosjekt i 2023 har auka den fylkeskommunale eigenandelen til å bli nærare halvparten av prosjektkostnaden. Dette tyder at berre omlag halvparten av kostnadene no er statleg investeringsstøtte i form av ferjeavløysingsmidlar. Det er samstundes eit viktig prosjekt for samfunnsutviklinga i området, så fylkestinget vedtok å gå vidare med forhandlingar innafor ei auka kostnadsramme, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland. 

Fylkesordføraren understrekar at det er aukande politisk uro knytt til kostnadsutviklinga i prosjektet.

Atløysambandet er ein planlagt fastlandsforbindelse på fylkesveg 608 mellom Atløy og Askvoll i Askvoll kommune, som skal erstatte dagens ferjesamband med veg og fleire bruer.