Askeland åtvarar: – Vestland kan ikkje straffast for å levere best
Fylkesordførar Jon Askeland ber departementa kome raskt i gang med reforhandling av byvekstavtalen for Bergensområdet. — Utsetjing kan få alvorlege konsekvensar for kollektivtilbodet, nullvekstmålet og byutviklinga i regionen, seier han.
— Då vi fekk brev om at reforhandlingane ikkje kjem i gang no, opplevde vi at den mest vellukka byvekstavtalen i landet blir straffa med å bli teken til slutt. Det er feil prioritering, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Beskjeden om at reforhandlingane er satt på vent kom i forkant av politisk styregruppemøte i Miljøløftet i april, leia av statssekretær Jakob Vorren. Staten meiner det ikkje ligg til rette for reforhandling før reguleringsplanen for Bybanen til Åsane, byggetrinn 5 (BT5), er endeleg avklart.
Kommunal- og distriktsdepartementet og Samferdselsdepartementet har som ambisjon å få ferdig forhandla alle byvekstavtalane innan 2029.
Over éin milliard kroner årleg står i spel
Gjeldande byvekstavtale tilfører Bergensområdet over éin milliard kroner årleg.
— Desse midlane har vore heilt avgjerande for å byggje opp eit godt kollektivsystem med fleire bussavgangar, nye ruter og større kapasitet, seier Askeland.
Han peikar på at gjeldande avtale ikkje omfattar midlar til Bybanen, og meiner det difor ikkje er grunnlag for å bruke Bybanen som argument for å utsetje reforhandlingane.
– Vi har behov for ei forlenging av dagens avtale medan formalitetane rundt BT5 kjem på plass. Å vente heilt til 2029 er rett og slett for seint, seier fylkesordføraren.
Best i klassen, men sist i køen
Bergensområdet har levert best på nullvekstmålet nasjonalt. Då biltrafikken peika feil veg, vedtok elleve av tolv parti i Bergen å gjere endringar i elbilrabatten for å få trafikken ned.
— Bakteppet her er at vi har levert. Då er det både fornuftig og legitimt at vi kjem tidleg til forhandlingsbordet, seier Askeland.
Byråd for byutvikling, Eivind Nævdal-Bolstad, seier avgjerda om å utsetje reforhandlingane kom brått på partane i Miljøløftet.
— Nyheita om at det ikkje blir reforhandlingar no, var overraskande. Vi meiner det ligg føre tilstrekkeleg politisk og planmessig grunnlag for å gå i gang, med ein gyldig reguleringsplan frå 2023 og brei semje både i Bergen bystyre og i fylkestinget, seier Nævdal-Bolstad.
Fare for kutt frå 2027
Vestland fylkeskommune er allereie i gang med kontraktsførebuingar for kollektivtrafikken i Bergensområdet, med nye kontraktar i perioden 2027–2030. Usikkerheit kring statleg finansiering etter 2029 skaper store utfordringar.
— Å nedskalere inngåtte kontraktar er mogleg, men det har ein kostnad. Endå meir alvorleg er konsekvensane for byutvikling, framkome og nullvekstmålet. Korleis skal vi løyse transportbehova til innbyggjarane dersom finansieringa fell bort? spør Askeland.
— Fylkeskommunen åtvarar mot alvorlege kollektivkutt dersom byvekstavtalen ikkje blir reforhandla raskt. Dei gode passasjertala vi ser i dag er resultat av langsiktig og systematisk satsing. Kutt i tilbodet vil vere kritisk for nullvekstmålet.
— Kritisk for framkome og tryggleik
Nævdal-Bolstad trekkjer òg fram Fløyfjelltunnelen som døme på kvifor regionen ikkje kan vente.
— Fløyfjelltunnelen har vore stengd i til saman 111 dagar i året dei siste åra. Vi treng ein skikkeleg omkøyringsveg. Dette burde vore utbetra for lenge sidan, uavhengig av Bybanen, seier han.
Fylkesordførar Jon Askeland er klar i sin tale til departementet:
— Vi må reforhandle snarast råd. Vestland kan ikkje leve med å bli sett på vent når konsekvensane er så alvorlege for kollektivtilbodet, klimaambisjonane og kvardagen til folk.
Statssekretær Jakob Vorren understrekar at regjeringa framleis står fast ved målet om ei ny byvekstavtale.
– Regjeringa er klar på at byvekstavtalen for Bergensområdet skal reforhandlast, og dette ligg fast i Nasjonal transportplan. Samstundes ser vi Bybanen og byggetrinn 5 som ein viktig del av heilskapen i avtalen. Vårt mål er å kome i gang med forhandlingar så snart føresetnadene er på plass, seier Vorren.
– Eg tek med meg det tydelege ønsket frå lokal partar om at det skal vere føreseieleg. Ambisjonen er å starte reforhandlingane seinast innan 2029, legg han til.