100 millionar til nyskaping og innovasjon i Vestland
Hovudutval for næring har fordelt midlar til Siva og Innovasjon Norge Vestland for 2026. – Dette handlar om meir enn pengar, det handlar om å skape aktivitet og nye moglegheiter i heile Vestland, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Størstedelen av midlane, 99 230 000 kroner, er løyvd til Vestland fylkeskommune over statsbudsjettet.
– Vi brukar verkemidla målretta for å utløyse innovasjon, nye bedrifter og fleire arbeidsplassar, også i distrikta, der marknaden åleine ikkje får det til. Slik bidreg vi til større verdiskaping og sterkare lokalsamfunn over heile fylket, seier Handegard.
For 2026 skal midlane òg bidra til å styrkje verksemdene si grøne konkurransekraft.
– Med auka satsing på grøn konkurransekraft gir vi distriktsverksemder betre moglegheiter til å utvikle nye, miljøvenlege løysingar, seier Handegard.
Forsvar og beredskap
Då oppdragsbrevet til Innovasjon Norge Vestland vart handsama i hovudutval for næring onsdag denne veka, vedtok politikarane eit tillegg om at Vestlandet si viktige rolle i oppbygging av forsvar og beredskap må innarbeidast i oppdragsbrevet.
Siva: næringshagar og inkubatorar som byggjer kapasitet lokalt
Løyvinga til Siva (Selskapet for industrivekst) er på 34 200 000 kroner i 2026. Siva gjennomfører næringshage- og inkubasjonsprogram på oppdrag frå fylkeskommunane. Næringshagar og inkubatorar er viktige miljø som hjelper bedrifter med kompetanse, nettverk, utvikling og kommersialisering. I Vestland blir midlane fordelte på fleire lokale og regionale innovasjonsmiljø i heile fylket.
Midlane vert fordelte slik:
- Aksello: 2 300 000 kr
- Atheno: 4 800 000 kr
- Industriutvikling Vest: 4 200 000 kr
- Kunnskapsparken Vestland: 4 200 000 kr
- VIS: 7 000 000 kr
- Startuplab avdeling Vestland: 3 100 000 kr
- Hardanger og Voss Næringshage: 3 600 000 kr
- Klar Bedrift: 2 900 000 kr
- Mogleg (tidl. Stryn næringshage): 2 900 000 kr
Innovasjon Norge: mest til bedriftene i distrikta
Løyvinga til Innovasjon Norge Vestland på 67 381 000 kroner i 2026 blir brukt til både nettverk og tenester som hjelper bedrifter frå tidlegfase til vekst. Den største delen går til bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta.
For meir informasjon, sjå følgjande saker i hovudutval for næring 11. februar 2026: