Sjå kva som skjer under One Ocean Week
Frå 5. til 11. april er det igjen klart for havveka One Ocean Week i Bergen. Nytt i år er "De unges havdag», med nær 1000 påmelde elevar. H.K.H. Kronprins Haakon vil vere til stades.

One Ocean Week er ein møteplass for debatt, erfaringsutveksling og opplevingar knytt til ei berekraftig utnytting av havet. Veka blir arrangert for tredje gong, og mobiliserer både næringsliv, akademia, det offentlege og innbyggarar i Bergen og Vestland. I tillegg til eit rikt fagleg innhald, vil veka bli fylt med ei rekkje arrangement som er opne for alle.
One Ocean Week er støtta av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, og er eit samarbeid mellom One Ocean Havbyen Bergen og nesten 80 partnarar.
– Saman jobbar vi for å nå FNs berekraftsmål ved å satse endå meir på det vi kan best her i Bergen og i Vestland – havet. Havbaserte næringar står for om lag 70 prosent av Noregs eksportinntekter, og Vestlandet er ei sentral drivkraft. Frå fiskeri og sjømat til skipsfart og energiproduksjon har havnæringa vore ein motor for vekst og innovasjon. No handlar det om å bruke denne arven til å skape ei berekraftig framtid, slik at vi kan overlate havet i betre stand til komande generasjonar.
Det seier fylkesordførar Jon Askeland, som også er styreleiar for One Ocean Havbyen Bergen og byrdåsleiar Christine B. Meyer i Bergen kommune, nestleiar i One Ocean Havbyen Bergen.
Kronprinsen helsar på elevar
H.K.H. Kronprins Haakon kjem til One Ocean Week for å delta på toppnivåmøtet One Ocean Summit i Håkonshallen måndag 7. april. Kronprinsen skal også treffe One Ocean Youth Panel på Statsraad Lehmkuhl, og går deretter over til Festningskaien for å besøke ei rekke utstillingar. Her skal han og møte skuleungdom som deltek på De unges havdag.

Opningshelg med gratis aktivitetar for alle
5.-6. april blir Festningskaien rigga klar til havfestival med aktivitetar og moro for alle, begge dagar klokka 12.00-16.00. Opningshelga består av maritim laurdag og familiedag søndag. På programmet står ei rekkje morosame og interaktive aktivitetar som tek sikte på å engasjere og lære opp den neste generasjonen.
I det store sjømatteltet kan du lære om ukjende fiskeartar, smake på mykje ulikt og sjå korleis ein sløyer fisk. Du kan ta ein tur med Elias-båten, kikke i mikroskop, snikre din eigen båt, møte Sjøforsvaret, lære om energiløysingane i framtida, møte ekte marinbiologar eller lære om spøkjelsesfiske.

One Ocean Summit og De unges havdag
H.K.H. Kronprins Haakon, medlemer frå den norske regjering og frå FN deltar på toppnivåmøtet One Ocean Summit i Håkonshallen måndag 7. april. Årets summit har eit spesielt fokus på kystnære områder og havnivåstigning.
One Ocean Summit er for personleg inviterte, men du kan følgje live-sendinga på Bergen kommune sine nettsider.
De unges havdag går av stabelen same dag og er tilrettelagt for elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular, og det er venta at nær 1000 elevar tek turen. Langs heile Festningskaien er det utstillingar og demonstrasjonar av teknologiske nyvinningar frå verksemder i regionen og forskingsmiljø. Her kan elevane bli kjende med lokale rederi, lære om framtidas energiløysingar, besøke sjømatteltet, møte Sjøforsvaret, bli kjend med oppdrettsnæringa og mykje meir.

Foredrag, debatt og konferansar heile veka
Vestland fylkeskommune er medarrangør eller deltakar på ei rekke arrangement heile veka. Her er nokre smakebitar:
- 7. april klokka 10.30-12.00, Bergen Media City: Grøn Region Vestland: Innovasjon for en bærekraftig fremtid. Verda står overfor enorme klimautfordringar og hubbane i Grøn Region Vestland leiar an i utviklinga av løysingar som verkeleg gjer en forskjell. Arrangør: Grøn Region Vestland, Innovasjon Norge og InvestIN Bergen.
- 7. april klokka 15.30-17.30, Startuplab Bergen: 2030 Ocean - The meeting place for ocean startups, corporates and investors
Arrangementet vil presentere startups innan hav- og klimainnovasjon, som viser fram løysingane og søkjaren sine samarbeid. Arrangør: Startuplab. - 8. april klokka 13.30-16.00, Kulturhuset Bergen: Navigating the green transition. Ti år inn i det grøne skiftet er vegen vidare meir kompleks enn nokon gong. Korleis kan vi kome vidare utan å forsterke splittingar? Arrangør: NHH i samarbeid med Vestland fylkeskommune.
- 9. april klokka 09.00-14.00, Vestlandshuset: Saman om sirkularitet i sjømatnæringa. Kva er status, og korleis kan vi komme eit steg vidare og omsette forsking og utvikling til sirkularitet i praksis? Arrangør: Vestland fylkeskommune i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland.
- 9. april klokka 15.30-18.00, Vestlandssalen i Vestlandshuset: Protection of the North Sea's ecosystem - how to navigate through multiple interests?
Nederlands ambassade, Havforskningsinstituttet og Vestland fylkeskommune slår seg saman for å organisere eit inspirerande og nødvendig arrangement om berekraftig bruk av Nordsjøen. - 10. april klokka 10.00-15.00, Litteraturhuset i Bergen: Seminar om planlegging for naturmangfald i sjø med fokus på korleis kommunane kan ivareta naturmangfald i sjø gjennom planlegging. Arrangør er Vestland fylkeskommune, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland.
- 10. april klokka 13:30-15:30, Litteraturhuset i Bergen: Prosjektverkstad: Korleis utvikle og få finansiering til forskingsbaserte innovasjonsprosjekt i havnæringar? FORREGION Vestland og Forskingsrådet arrangerer prosjektverkstad for marine og maritime næringar.
- 10. april klokka 17:00-19:00, Havnerommet, Skoltegrunnskaien 1: Havbruksmeldinga - gir den grunnlag for "Framtidas havbruk i Vest?" Vestland fylkeskommune og Region Nordhordland inviterer til debatt.
- 10. april klokka 19:00-21:00, Havnerommet, Skoltegrunnskaien 1: Markering av utvandrerjubileet 2025. Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Museum Vest inviterer til ein kulturkveld for å markere at det i år er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til USA.
Vink farvel til Statsraad Lehmkuhl
Møt opp på Festningskaien 11. april klokka 12.00 og vink farvel til Statsraad Lehmkuhl når skipet legg ut på ny seglas. One Ocean Expedition varer i eitt år, og tek skipet 30.000 nautiske mil via tre kontinent før ho vender tilbake til Bergen i april 2026.
Les meir, sjå heile programmet og finn arrangement du synest er spennande på nettsidene til One Ocean Week