Samarbeider for demensvennlege bibliotek i heile Vestland

Vestland fylkeskommune teiknar samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om demensvenlege bibliotek.

Interiørbilde frå bibliotek
BIBLIOTEK: For å skape meir demensvenlege bibliotek krevst det både kunnskap om målgruppa, fysisk tilrettelegging og god formidling. (Illustrasjonsfoto frå Gloppen folkebibliotek. Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

– Det betyr at vi skal ta ei aktiv rolle for å leggje til rette for at biblioteka i fylket skal bli meir demensvenlege. Slik støttar vi opp under hovudmålet i den regionale planen for kultur, som er at alle skal kunne delta, oppleve og skape, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesutvalet vedtok å teikne samarbeidsavtalen i møtet 23. januar.

Vidareutviklar bibliotektenestene

Eit demensvenleg bibliotek er eit bibliotek der dei tilsette har fått opplæring i korleis leggje godt til rette for personar med demens. Det gjeld både kunnskap om målgruppa og korleis møte dei på ein god måte, om formidling og om fysisk tilrettelegging av lokale.

Vestland fylkeskommune driv bibliotekfagleg rettleiing og kompetanseheving for tilsette i biblioteka i fylket.

– Vedtaket vårt i dag vert synleg i ditt lokale bibliotek, fordi vi samarbeider med kommunane om å vidareutvikle bibliotektenestene til innbyggjarane, slik at dei skal ha eit best mogleg tilbod uansett kvar dei bur, og uansett kva føresetnadar dei har. Demensvenlege bibliotek kan også vere med og motverke utanforskap og sørgje for at vi har opne og inkluderande kulturarenaer, seier Askeland.

Skal redusere sosial ulikskap

Samarbeidsavtalen med Nasjonalforeningen for folkehelsen er også eit tiltak som heng saman med satsingsområdet demografi og likeverd i den nye utviklingsplanen til Vestland. Fylkestinget vedtok denne i desember 2024, og planen set retning for fylket for dei neste fire åra.

Ein av fire strategiar for å nå samfunnsmåla planen set er at «Vestland skal styrke innsatsen for å redusere sosial ulikskap og utvikle eit mangfaldig og inkluderande samfunn.» Demensvenlege bibliotek stør opp under denne strategien i planen.