Rektorane byter skule for ei veke

Nesten alle 42 dei vidaregåande skulane i Vestland får «ny» rektor anten denne veka eller neste, når direktør Bjørn Lyngedal gjer «det store rektorbytet».

Fotokollasj med bilde av Stord vgs. og Sogndal vgs.
SKULEBYTE: Rektorane i Vestland fylkeskommune byter skular dei neste vekene. I veke 43 er rektorane ved Stord vidaregåande skule og Sogndal vidaregåande skule blant dei som byter arbeidsstad. (Foto Stord: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune. Foto Sogndal: Vestland fylkeskommune)

Det var Lyngedal sjølv som hadde ideen om at rektorane skal byte skular for ei veke. Målet er blant anna å gje ei ramme for kollegaer til å utveksle erfaringar og reflektere om ulik praksis og innovative løysingar.

Styrka leiingskompetanse

– Dette er ikkje berre eit stunt! Vi håpar tiltaket skal bidra til å styrke leiingskompetansen til rektorane ved at dei får møte ulike skulekulturar, utfordringar, leiargrupper og måtar å gjere ting på. Rektorbytet skal også vere med og bygge nettverk og styrke samarbeid mellom skular, seier Lyngedal, som sjølv er tidlegare rektor ved Amalie Skram vgs. i Bergen.

Rektorane har sett opp eigne målsetnadar og program for veka.

Ros frå kunnskapsministeren

Lyngedal kjenner ikkje til at noko liknande har vore gjort i Noreg tidlegare. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun roser tiltaket.

– Dette er eit svært godt initiativ. Å dele god praksis er ein stor styrke, og rektorane vil utan tvil ta med seg verdifulle erfaringar tilbake til eigen skule. Eg håpar dette vil bidra til eit godt samarbeid, der skulane får høve til å hauste fruktene av å lære av kvarandre, seier statsråden.

Kven er kvar når?

Skulebytet for rektorane går over ei veke, måndag til fredag i anten veke 43 eller 44.

Her er ei oversikt over kva skular som byter skule med kvarandre, og i kva veke det skjer (pdf).

Dei assisterande rektorane ved skulane har dei formelle fullmaktene i veka med rektorbytet.

For meir informasjon om rektorbytet, ta kontakt med Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse, på bjorn.lyngedal@vlfk.no eller 95 03 37 70.