Ny tilskotsforvalting: – God kulturpolitikk må òg evne å fornye

Vestland fylkeskommune går frå 31 til 9 fylkeskommunale tilskotsordningar på feltet kultur og folkehelse. Målet er enklare søknadsprosessar, meir heilskapleg tilskotsforvalting og større politisk handlingsrom.

Jacob Nødseth og Per Morten Ekerhovd.
TILSKOT: Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok den nye modellen for tilskotsforvalting for kultur og folkehelse i møtet i Bergen 15. oktober. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Den fylkeskommunale tilskotsforvaltinga kan opplevast som fragmentert og komplisert. Det kan redusere det politiske handlingsrommet og moglegheita til å gjere kraftfulle løft. Dette har eit samstemt hovudutval gjort noko med, og eg vil gje ros til både administrasjonen og kollegaene mine i hovudutvalet for å møte utfordringa så konstruktivt, seier Jacob Nødseth, hovudutvalsleiar for kultur, idrett og inkludering

Hovudutvalet vedtok samrøystes den nye innretninga for tilskotsforvaltinga i møtet 15. oktober.

Tre hovudkategoriar

Tilskota for fagfelta kultur og folkehelse blir frå no av delte i tre hovudkategoriar: drift, nyskaping og investering. Det skal framleis vere mogleg å søkje støtte til dei same tiltaka som før, og det samla budsjettet for tilskotsordningane er ikkje redusert. Fleire tilskotsordningar blir slått saman, men føremåla med ordningane er vidareførte. Samtidig opnar nye og større ordningar for at fleire og meir tverrfaglege tiltak kan få støtte.

– Det er viktig å legge til rette for det mest kreative og skapande politikkområdet vårt. Om vi måler mot summen av kulturbudsjetta i dei to gamle fylka i 2019, så har vi i Vestland auka sektorbudsjettet med over 40 prosent. Det ligg ei medviten politisk satsing bak dette, og Vestland har mange politikarar som vil denne sektoren vel. Men det krevst meir enn at budsjetta veks. Omstilling og nytenking er nødvendig for å få mest mogleg att for pengane vi investerer i kultur, idrett og inkludering, seier hovudutvalsleiar Nødseth.

Det vart fordelt omlag 689 millionar kroner i tilskot til kultur og folkehelse i Vestland i fjor. Det totale bruttobudsjettet for sektoren nærmar seg 900 millionar kroner.

Meir effektiv bruk av ressursar

Endringane som no blir gjort, skal gjere det lettare å sjå tiltak i samanheng, også på tvers av fagfelt. Det er eit mål å bruke ressursane meir effektivt, slik at meir pengar kjem ut til idrett, frivillige og det profesjonelle kulturlivet.

Hovudutvalet har vedteke at administrasjonen skal sjå på korleis den nye modellen, saman med bruk av kunstig intelligens og andre digitale verktøy, kan effektivisere drifta og frigjere midlar frå forvalting til tilskot.

– Vi må ta på alvor at mange aktørar, både frivillige og profesjonelle, seier at det er for komplisert og tidkrevjande å søke midlar frå det offentlege og andre som gjev tilskot. Å la dei som skapar gode lokalsamfunn og gjer Vestland til dei leiande kulturfylket i Noreg, bruke mest mogleg av tida si på nettopp det og ikkje søknadsskriving, er eit viktig mål for denne forenklinga, seier Nødseth.

Samordning av statlege ordningar

Endringane som blir gjort no gjeld tilskotsordningane som er finansierte av fylkeskommunen. Enkelte ordningar er finansierte av fylkeskommunen og staten saman, og andre igjen er finansierte av staten aleine. Desse held fram som i dag inntil vidare. Samla har ein gått frå 50 til 28 ordningar.

Hovudutvalet har samrøystes gitt hovudutvalsleiar Nødseth og direktør for kultur og folkehelse mandat om å følgje opp dette overfor regjeringa. Målet er å få til ei samordning også av dei statlege ordningane.

– Når vi så tydeleg klarar å rydde i eige bu, så kan vi også møte regjeringa med tydelege krav og forventningar om at dei gjer det same. Statsråden og politisk leiing i departementet er godt kjende med at vi er i gang med dette arbeidet, og no leverer vi. Eg ser fram til ein konstruktiv dialog med staten, som også bør ha stor interesse i at vi fornyar og forenklar feltet, og får meir att for kvar kroner vi brukar, seier Nødseth.  

Overgang i løpet av 2026

Overgangen frå dagens ordning til ny ordning vil skje utover i 2026, og det skal lagast nye modellar og retningslinjer for tilskotsordningane. Vestland fylkeskommune vil informere om endringar, søknadsfristar og anna i god tid. Informasjon kjem ut på nettsida og ikkje minst ved direkte kontakt med lag, organisasjonar og andre tilskotsmottakarar.

Den nye modellen for tilskotsforvalting skal evaluerast innan juni 2027.

Meir informasjon

Les meir om endringane, og bakgrunnen for dei, i saksframlegget til PS 115/2025 Oppfølging av PS 120/2025 – Ny modell for tilskotsforvaltninga på kultur og folkehelse.