Investerer i oppstartsfond som skal hjelpe gründerar i Vestland
Fylkesutvalet vedtok 23. januar å investere 15 millionar kroner i Tidligfasefond Vestland AS. Fondet skal hjelpe oppstartsbedrifter med å få tilgang til kapital i den kritiske tidlegfasen.
Det var i årets første møte i fylkesutvalet at politikarane vedtok med 14 mot tre stemmer å investere i Tidligfasefond Vestland AS med midlar frå fylkeskommunen sitt disposisjonsfond.
– Me vil at fleire gründerer skal lykkast. I tidlegfasefondet samarbeider fylkeskommunen og privat næringsliv og andre for å hjelpe oppstartsbedrifter i heile Vestland med å utvikle berekraftige forretningsmodellar og nye arbeidsplassar for framtida. Ei slik støtte kan skape eit fundament for innovativt næringsliv med grøn vekst som hovudmål. Vestland er landets viktigaste verdiskapings- og eksportfylke. Tidlegfasefondet hjelper oss å halda leiartrøya på, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Difor er tidlegfasefond viktig
Bedrifter i oppstartsfasen treng økonomisk støtte for å utvikle idear, bygge prototypar og etablere produkt eller tenester før dei tener pengar. Tradisjonelle investorar vegrar seg ofte for å investere i denne fasen på grunn av den høge risikoen. Tidlegfasefond investerer i selskap i ein tidleg fase, spesielt der det er vanskeleg å få finansiering i eigenkapitalmarknaden, og før selskapet leverer omsetning.
For bedriftene er det viktig å få tilgang til kapital som gjer det mogeleg å skalere opp frå idé til produksjon og marknad. Kapitaltilgang vil vere naudsynt i ulike fasar, der ofte ulike kapitalaktørar trer inn i ulike tidsperiodar.
Tidligfasefond Vestland AS
Fondet er eit investeringsselskap med formål om å investere i norske tidlegfase kunnskapsbaserte og innovative selskap med internasjonalt vekstpotensial. Fondet skal gjennom verksemda si bidra til økonomisk vekst og nye arbeidsplassar i Vestland og Noreg. Fondet skal primært gjere investeringar i tidlegfase perioden (pre-seed) og den påfølgande seed-fasen der produkta ofte skal utviklast vidare. Investeringane skal vere i Noreg, med særleg merksemd på selskap i Vestland. Fondet vil fokusere på sektorane hav, helse, klima/energi og teknologi, og som treff regionen sitt konkurransemessige fortrinn eller satsingsområde.
Andre medeigarar per januar 2025 er: Fana Sparebank, VIS, Farvatn Venture, Bergen kommune og Stiftelsen SR-Bank.
Til saka PS 14/2025 Investering i Tidligfasefond Vestland I AS