Hotel Central/Villa Visnes i Stryn er mellombels freda

Vestland fylkeskommune har mellombels freda Hotel Central/Villa Visnes i Stryn kommune. Bakgrunnen for dette er planar for ombygginga av matsalen, King Oscars hall, til leilegheit.

Hotel Central/Villa Visnes i Stryn
MELLOMBELS FREDA: Hotel Central/Villa Visnes vart bygd på slutten av 1800-talet i sveitserstil med dekorelement frå drakestilen. Hotellet er typisk for trehotella som vart bygde på Vestlandet på denne tida, og som det er få att av. (Foto: Berit Alise Høivik/Vestland fylkeskommune)

Det mellombelse fredingsvedtaket er gjort med heimel i lov om kulturminne.

– Fylkeskommunen meiner ombygginga det er søkt om, vil føre til tap av kulturhistoriske verdiar av nasjonal interesse. I vurderinga vår av dei nasjonale kulturminneinteressene til Hotel Central/Villa Visnes, skil matsalen seg ut som eit unikt enkeltelement i bygningen som det er viktig å bevare, seier Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

Alle endringar må godkjennast

Den mellombelse fredinga omfattar eksteriøret og hovudkonstruksjonen for heile bygningen, i tillegg til interiøret i matsalen.

Vedtaket gjer at bygningen ikkje kan rivast, og at alle endringar skal godkjennast av Vestland fylkeskommune. Det betyr også at matsalen ikkje kan endrast på eller byggast om til leilegheit utan løyve frå fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune vil no starte arbeidet med ei grundig vurdering av dei kulturhistoriske verdiane i Hotel Central/Villa Visnes. Vurderinga vil gje grunnlag for om det skal startast opp ei ordinær fredingssak.

Mellombels forbod i 2020

Stryn kommune vedtok eit mellombels forbod mot tiltak på bygningen i 2020. Tidsfristen for dette forbodet var fire år og gjekk nyleg ut. Det har aktualisert freding, fordi kommunen no kan realitetsbehandle søknaden frå eigaren av bygningen om å byggje matsalen om til leilegheit.

Bakgrunnen for det mellombelse forbodet mot tiltak frå 2020 var at kommunen skulle avklare verneverdien i samband områdereguleringa for Stryn sentrum. Dette arbeidet har stoppa opp, og kommunen har ikkje avklart dei kulturhistoriske verdiane i matsalen. I den seinare tid har det vore fleire avisoppslag om ombygging, og fylkeskommunen har blitt kontakta av andre som er bekymra for at matsalen no kan bli bygd om.

Les heile vedtaket om mellombels freding av Hotel Central/Villa Visnes (pdf).

Om Hotel Central/Villa Visnes

Med den store auka i turismen på Vestlandet på slutten av 1800-talet kom det ein byggeboom med store og mellomstore trehotell. Mange av dei var oppført etter dåtidas moderne trearkitektur, sveitserstilen. Eit av dei mellomstore trehotella i sveitserstil som vart bygd i Vestland var Hotel Central i Stryn kommune. Byggherre var Olai Tenden, som engasjere arkitekten Hans Heinrich Jess til å teikne hotellet.

Plasseringa og utforminga av bygningen var typisk for trehotella på Vestlandet, der det var plassert tett på fjorden, og med hovudfasaden vendt mot fjorden. Karakteristisk for hotellet er den asymmetriske bygningskroppen sett saman av ulike volum, dei mange gavlane og det fireetasjes tårnet. Andre typiske kjenneteikn for turisthotella i sveitserstil som vi finn på Hotel Central, er verandaane og konstruktive element som er framheva med utskoren dekor og måla i kontrastfarge. I tillegg har hotellet element frå drakestilen i form av drakehovuda i gavlane.

I turisthotella var fellesromma viktige og representative rom for gjestane. Desse romma var gjerne dei mest påkosta, med møblement og interiør som skulle stette krava til den europeiske overklassen. Matsalen var eit av dei største fellesromma og hadde gjerne ein vesentleg større takhøgd enn resten av hotellet. Av den grunn var den ofte plassert i ein eigen fløy som stod vinkelrett på hotellet sitt hovudvolum. Dei fleste turisthotella har gjennom åra hatt behov for fornying og oppgradering for å imøtekome behova til gjestane. Ei følgje av dette er at interiøret i mange av turisthotella frå slutten av 1800-talet har blitt endra i større eller mindre grad. Matsalen er ein type rom som det i dag er svært få att av som ikkje har blitt endra.

På Hotel Central/Villa Visnes fekk matsalen namnet King Oscars hall og var eit påkosta rom. Både tak og veggar er kledde med mørkbeisa panel, og i taket er panelborda lagt i mønster. Dei konstruktive elementa i matsalen har fått utskoren dekor, og nokon av dei er måla med sjablongdekor. Matsalen har ikkje gjennomgått store endringar sidan han var bygd, og er i dag eit usedvanleg godt bevart døme på matsalane i trehotella frå slutten av 1800-talet. Interiøret har ei særs høg grad av autentisitet, og det er truleg vanskeleg å finne tilsvarande matsalar som er like godt bevart.