Vestland fylke vil bli best i landet på valdeltaking blant unge

Best i klassen vil bli endå betre. No startar Vestland fylkeskommune opp eit demokratiprosjekt med mål om å auke valdeltakinga blant unge veljarar ved neste fylkestingsval.

Foto av fire jenter som går tur i Bergen sentrum. Dei er avbilda med ryggen til.
FOR LÅG: Valdeltakinga i fylkestingsvalet i Vestland i 2023 var på 60,9 prosent. Sjølv om dette samla var høgast i landet, er valdeltakinga blant dei unge «andregongsveljararne» for låg, med berre 45,5 prosent i aldersgruppa 20–24 år. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Låg valdeltaking er eit stort demokratisk problem. Når vi veit at valdeltakinga ved fylkestingsvalet er betydeleg lågare enn i både kommune- og stortingsval, bør vi som folkevalde i fylkeskommunen gjere grep. Vestland fylkeskommune vil difor gå i front – og sette i gang eit demokratiprosjekt med mål om å auke oppslutninga ved framtidige val, seier fylkesordførar Jon Askeland, etter at eit samla fylkesting stilte seg bak demokratiprosjektet under siste fylkestinget før sommaren. 

Ei demokratisk samfunnsutfordring 

Valdeltakinga i fylkestingsvalet i Vestland i 2023 var på 60,9 prosent. Sjølv om dette samla var høgast i landet, er valdeltakinga blant dei unge «andregongsveljararne» for låg, med berre 45,5 prosent i aldersgruppa 20–24 år.  

– Eg vil hevde at det er ei demokratisk samfunnsutfordring at så mange i dei yngre veljargruppene vel å ikkje delta i val, til både storting, fylkesting og kommunestyre. Det er i seg sjølv ingen grunn til at dei yngre aldersgruppene i mindre grad deltek ved fylkestingsval enn andre aldersgrupper. Fram mot stortingsval og fylkestings- og kommunestyreval vert det gjennomført nasjonale kampanjar retta mot yngre veljargrupper for å auke valdeltakinga. Fylkeskommunen kan likevel ta eit sjølvstendig ansvar og bidra til at veljarar i dei yngre aldersgruppene i større grad deltek i val på linje med andre aldersgrupper, seier Askeland. 

Sjå valstatistikk frå SSB 2017-2023 fordelt etter alder  

Tal viser potensial for auka engasjement 

I Ungdata-undersøkinga i 2021 vart det stilt spørsmål om samfunnsengasjement blant respondentane i vidaregåande skule. Tala viste store skilnader mellom kommunane. Svarprosenten på spørsmål om å vere interessert i politikk og samfunnsspørsmål varierte frå 14 prosent til 41 prosent. Blant dei som svarte, viser resultata i snitt at 34 prosent av ungdommane var svært eller ganske interesserte i politikk og samfunnsspørsmål. 19 prosent hadde delteke på folkemøte, demonstrasjonstog m.m., 7 prosent var aktive i eit ungdomsparti, og 6 prosent var aktive i ein annan politisk organisasjon. Samtidig syner ICCS-undersøkinga at norske 14-åringar som tidlegare låg i verdstoppen i demokratiforståing, no kan betydeleg mindre enn tidlegare.  

– Både svarprosenten og resultata frå spørsmålet i Ungdata-undersøkinga viser eit potensial for auka kunnskap og engasjement om viktige samfunnsspørsmål, og aktiv deltaking i politisk arbeid, seier Askeland.  

Skal stake ut kursen  

No startar arbeidet med å stake ut kursen for prosjektet. 

– I det vidare arbeidet må prosjektet konkretiserast med mål og gevinstar, interessentanalyse, finansiering og vidare prosess. I denne fasen vil dei unge sjølvsagt bli sterkt involverte. Både Vestland ungdomsutval og fylkesting for ungdom vil vere naturlege samarbeidspartnarar, saman med dei vidaregåande skulane våre, uttalar Askeland. 

Saka skal opp på ny i fylkesutvalet og fylkestinget i løpet av hausten, då med meir konkrete planar for gjennomføring.  

foto av statistikk, søylediagram.
SÅ MANGE RØYSTA: Valdeltaking i Vestland ved kommunestyre- og fylkestingsvalet delt på alder. (Kjelde: SSB tabell 12812)

Dette sa politikarane frå talarstolen 

Ein tilleggsgevinst ved målet om auka valdeltaking blant dei yngre veljarane, vil vere auka synleggjering og kunnskap blant dei yngre aldersgruppene om fylkeskommunen som folkevald regionalt nivå. Utover auka valdeltaking vil eit demokratiprosjekt også kunne bidra til auka engasjement og rekruttering til partipolitisk deltaking og folkevalde verv. Fleire politikarar tok ordet då saka kom opp i fylkestinget 19. juni. Her er nokre reaksjonar frå fylkestingspolitikarane: 

Elias Roko Eide (H):
– Dette er ei gladsak, og det trengs. Vi ser på valdeltakinga, særleg blant andregongsveljarane at den er altfor låg. Vi ser at oppslutnaden rundt fylkespolitikk, kva vi held på med, er vanskeleg å få greie på. Sjå bak på pressebenken. Der er det ingen til stades. Hadde det vore spennande nok å vere her, så hadde dei vore her. Eg meiner at vi og har eit stort ansvar her, i å faktisk utføre og utøve denne saka. Eg trur mange her er villige til å gjere ein jobb til å få fram kva vi held på med. Det er heilt nødvendig. 

Åsmund Berthelsen (SV):
– Dette er eit bra initiativ og heilt rett. Det er veldig mykje som må gjerast og kan gjerast for å auke interessa, ikkje minst i forhold til det å lytte til ungdomen og høyre på kva dei meiner og ta dei på alvor. Det er heilt vesentleg for å vise at det er mogleg å nå fram i det demokratiske systemet. 

Tonje Såkvitne (Sp):
– Vi veit alle at valdeltakinga er ein føresetnad for demokratiet og folkestyre. Vi veit og at valdeltakinga er på veg ned, både i Europa og i Noreg. Vi veit og at valdeltakinga i fylkestingsvalet har lågare valdeltaking enn ved kommuneval. Eg vil applaudera initiativet om eit demokratiprosjekt. Sjølv om vi hadde den høgaste valdeltakinga av fylka i landet, må Vestland fylke ta mål på seg om å vere det fylket i Norge med breiast valdeltaking med eit spesielt fokus på unge, slik at Vestland fylke kan vere folkestyrefylke nr 1, også i framtida. 

Stig Atle Abrahamsen (Frp):
– Det er ein heilt grunnleggande sak å ha medverknad i demokratiet vårt dersom det skal virke. Og då er det absolutt på sin plass at vi tek tak i deltakinga for våre yngre borgarar. 

Ragnhild Stav (Krf):
– Eg støttar fullt ut at ein set i gang eit demokratiprosjekt. Mange unge veljarar slit nok med å få tak i kva det er fylkeskommunen jobbar med, og det skapar kanskje mindre motivasjon for å stemme. Korleis når vi ut til folk når dei ikkje høyrer så mykje på lokalradio og ikkje får siste nytt av fylkestinget – og kanskje er dårlege på å lese lokalaviser? Å få lov til å stemme er eit privilegium, og det må vi klare å formidle på ein god måte. 

Sjå debatten under fylkestinget 19. juni 2024 (frå 5:14) 

Til saka: 78/2024 Demokratiprosjekt – vedtak om prosjektide og prosjektstyre