Slik blir tilboda ved dei vidaregåande skulane

Fylkestinget har vedteke heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane i Vestland 2025–2035.

Unge menneske i arbeidsklede legg belegningsstein.
OPPLÆRING: Fylkestinget har no vedteke kva yrkesfaglege og studiespesialiserande opplæringstilbod som skal vere ved dei vidaregåande skulane i fylket. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Etter ein prosess som har gått føre seg i mange månadar, vedtok fylkestinget 1. oktober kva opplæringstilbod som skal vere ved dei ulike skulane til fylkeskommunen framover.

Vedtak

Vedtaket frå fylkestinget er no ute i saksprotokollen på sak PS 102/2024 Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane 2025–2035

Fylkestinget vedtok tabellen med desse tre justeringane:

  • Kvam vgs.: Gjere om to halve klasseressursar i Vg2 transport og logistikk til ein heil klasseressurs" til "Tilby Vg2 transport og logistikk og Vg2 industriteknologi for ein klasseressurs."
  • Knarvik vgs.: Endre årstal for tiltaket "ta vekk 3 klasser med studieførebuande (Vg1, Vg2 og Vg3)" frå 2025–2027 til 2027–2029.
  • Kvinherad vgs.: Endre "Redusere ein klasse ST" frå 2029 til "Redusere ein klasse ST per trinn" frå 2029-2031

Hyppigare justering

Fylkesordførar Jon Askeland er nøgd med at planen for tilbodsstruktur no er på plass, og ønskjer ei meir løpande justering av planen framover.

– Vidaregåande opplæring er noko av det viktigaste vi som fylkeskommune har ansvar for, noko engasjementet denne saka har vekt også syner. Saka har likevel gitt tildels krevjande og vonde debattar i mange lokalsamfunn. Eg trur difor at vi må evna å ha både ein langsiktig plan, men med ei meir løpande tilpassing av tilbodet. Store, opprivande debattar kvart 8.–10. år er krevjande å stå i for alle, seier Askeland, som uttrykkjer glede over at Vestland framleis skal ha eit desentralisert utdanningstilbod i heile fylket. 

I vedtaket til fylkestinget står det at planen skal rullerast minst kvart fjerde år.

Oppmodar skulane til å samarbeide

Fylkestinget ønskjer meir samarbeid på tvers av dei vidaregåande skulane og syner særskilt til samarbeidsavtalen mellom Høyanger vgs. og Førde vgs. Høyanger vgs. blir ein avdeling under av Førde vgs. frå 2026.

– Vi oppmodar andre skular til å vurdere liknande samarbeid for å sjå korleis dette kan gje gevinst for både elevar, tilsette, næringsliv og lokalsamfunn, seier fylkesordføraren.

Fylkestinget ber vidare om at samanslåing av Fitjar vgs. og Stord vgs., Årdal vgs. og Sogndal vgs. og dei to vidaregåande skulane på Voss vert vurderte i neste rullering av planen.

Ønskjer beste praksis for lærlingar

Fylkestinget vedtok eit eige punkt om lærlingar, der dei legg vekt på at det er ønskeleg at alle lærlingar i fylket får tilstrekkeleg oppfølging til å få ei utviklande og god lærlingtid.

– Det kan vere krevjande å vere den einaste eller ein av få unge på ein arbeidsplass, og det kan vere ein veg å gå å leggje til rette for at unge treffer unge på fritida. Vi ønskjer å leggje til rette for beste praksis. Difor peiker vi på erfaringane frå Nordfjord opplæringskontor og oppmodar om å leggje til rette for slik praksis i område som har noko låg overgang til fagbrev, som i Stor-Bergen, seier fylkesordføraren.

Fire planlagde byggeprosjekt

Fylkestinget meiner fylkeskommunen har eit stort potensial til å bidra til løft for fleire område i fylket ved å spele på lag med kommunane med vidaregåande skular. Fylkestinget ber difor om at fylkeskommunen aktivt går i dialog med kommunane i alle planar om nybygg og rehabilitering.

Fylkestinget har vedteke planlagt prioritering for fire byggeprosjekt i åra framover. Desse er

  • Sotra vgs., med planlagt vedtak om byggestart i 2028
  • Slåtthaug vgs., med planlagt vedtak om byggestart i 2026
  • Dale vgs., med planlagt vedtak om byggestart i 2025
  • Firda vgs., med planlagt vedtak om byggestart i 2026

I tillegg ønskjer fylkestinget at desse byggeprosjekta skal utgreiast så snart som råd:

  • Nytt bygg på Årstad vgs., primært til opplæring, på tomta til dagens C-bygg
  • Oppgradering av verkstadbygga ved noverande Os vgs. og vurdere alternativ for samlokalisering av nye Os vgs.

Ber om at fleire byggeprosjekt blir greidde ut

Fylkestinget ber i tillegg fylkesdirektøren om å legge fram grundige utgreiingar om desse to punkta innan utgangen av 2025:

  • optimalisering av areal og lokaliseringar av Laksevåg og Bergen Maritime vgs.
  • aktiviteten til Fagskulen Vestland i Bergen, med omsyn til gjenbruk, økonomi og funksjonalitet

Utgreiingane skal ta utgangspunkt i vedteken tilbodsstruktur og skal følgjeleg ikkje flytte fagmiljø frå andre skular i Stor-Bergen. Fagskulestyret samt leiing og dei tilsette ved Laksevåg og Bergen Maritime vgs. skal verte involverte i prosessen.

Fylkestinget ønskjer også at desse moglege byggeprosjekta skal vere greidde ut og vurderte innan utgangen av 2026:

  • utviding av Fyllingsdalen vgs.
  • ulike alternativ for samla bygg for Knarvik vgs.
  • ulike alternativ for Austrheim vgs.

Investering i ein samlokalisert Stord vgs. (byggetrinn 2) skal vurderast innan neste rullering, og byggeprosjektet ved Måløy vgs./Fagskulen Vestland skal følgje opphavleg investeringsplan.

Endeleg versjon

Heilskapleg plan for tilbodsstruktur ved dei vidaregåande skulane 2025–2035 blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen når han er oppdatert etter vedtaket i fylkestinget.

Heile vedtaket

Vedtaket i saka om tilbodsstruktur blir tilgjengeleg i møteprotokollen frå fylkestinget når denne er klar. Møteprotokollen blir då lagt ut under punktet Saksprotokollar på PS 102/2024: Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane 2025–2035 på saklista til møtet i fylkestinget.