Sjå «Landslova ord for ord» på NRK med direkte-innslag frå Bergen

Laurdag 24. august sender NRK programmet «Landslova ord for ord» med Linda Eide og Hans Olav Brenner som programleiarar. Maratonsendinga har fleire innslag frå Bergen, der lova vart laga, og fylkesordførar Jon Askeland er ein av dei som les frå lova.

foto av tre personar
KLAR FOR LESEFEST: Stortingspresident Masud Gharahkhani saman med programleiarar for sendinga Hans Olav Brenner og Linda Eide inviterer til lesefest i «Landslova - ord for ord». (Foto: Sigbjørn Pettersen Kiserud/Stortinget)

I år er Magnus Lagabøtes landslov 750 år, og komande laurdag skal heile Landslova lesast frå perm til perm i løpet av 750 minuttar. NRK-sendinga startar kl. 12 og om lag 100 ulike personar, frå skuleklassar til kjendisar, er med på «lesestafetten». Stortinget, Nasjonalbiblioteket og NRK står bak sendinga.

Innslag frå historiske Bergen

Sendinga startar med innslag frå Håkonshallen i Bergen der prologen til Landslova vert lesen opp av skodespelarane frå Bymuseet i Bergen si teatervandring om Magnus Lagabøte. Professor og mellomalderarkeolog Alf Tore Hommedal skal og lese. Hommedal er og intervjua og fortel levande om spora etter kong Magnus Lagabøte i Bergen, med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet som sentrale punkt.

Resten av innslaga frå Bergen kjem på kvelden, frå kl. 21.50 til rundt kl. 22.30 på NRK1. Det vert live-innslag frå domkyrkja i Bergen, den tidlegare Olavskyrkja til fransiskanarane. Her vert både Hommedal og Anna Elisa Tryti, mellomalderhistorikar og prosjektleiar for landslovjubileet i Vestland, med. Fransiskanarane sin påverknad på Magnus Lagabøte og Landslova og korleis Bergen var som by på 1200-talet, vert tema.

foto av bygg
HISTORISK GRUNN: NRK har intervjua professor og mellomalderarkeolog Alf Tore Hommedal, som fortel levande om spora etter kong Magnus Lagabøte i Bergen. Håkonshallen (biletet) og Rosenkrantztårnet er sentrale bygg. (Foto: Bymuseet i Bergen)

Klart vi må feire!

– Det er flott at NRK ved å bruke så mykje sendetid er med og gjer denne viktige lova kjent i heile landet. Og det er heilt naturleg at det vert fleire innslag frå Bergen, der lova vart laga i byen som enno har dei ståande kulturminna Håkonshallen, Rosenkrantztårnet, fransiskanarane si Olavskyrke – noverande domkyrkje og restar av Nonneseter kloster, seier Tryti.

På Landslova si tid var Bergen det viktigaste styringssenteret i riket, med kongssete ved Håkonshallen. Her låg også det mektige bispesetet.

– Bergen var ein kulturell smeltedigel, ein stor og internasjonal handelsby, både for nærhandel og fjernhandel. Og her, i Skandinavias største by, her vart Landslova til – i lærdoms- og rettssenteret på Holmen, noverande Bergenhus, uttalar Tryti.

Til sist i innslaga frå Bergen skal det lesast meir frå Landslova. Mykje på grunn av at Bergen var eit handelssentrum, er det kjøpebolken det skal lesast opp frå. 
Fylkesordførar Jon Askeland, stortingspolitikarane Nils T. Bjørke og Sofie Marhaug og prosjektdirektør Anna Elisa Tryti les.

foto av to personar
LES PÅ DIREKTEN: Fylkesordførar Jon Askeland er leiar for jubileumskomiteen for landslovjubileet i Vestland og skal saman med Anna Elisa Tryti lese frå Landslova under NRK si sending laurdag. (Arkivfoto: Bymuseet i Bergen)

Direkte frå Gulatinget

Linda Eide og Hans Olav Brenner skal leie sendinga Landsloven minutt for minutt frå Eidsvolls plass i Oslo. Forutan Bergen vert det også innslag frå dei gamle tingstadene Gulen, Frosta, Eidsvoll og Sarpsborg - og Tromsø.

Biskop Ragnhild Jepsen i Bjørgvin bispedøme skal lese to avsnitt frå Landslova direkte frå Gulating kl.14.29. Jepsen er òg medlem av jubileumskomiteen for landslovjubileet i Vestland.

Stort jubileumsprogram i Vestland

Du kan lese meir om landslovjubileet i Vestland og alle arrangementa på våre jubileumssider.

Arrangementa spenner vidt frå fagleg fordjuping gjennom internasjonale forskarkonferansar til jubileumsutstillinga Magnus Lagabøtes landslov 750 år på Bryggens museum. Universitetet i Bergen markerer 750-årsjubileet for kong Magnus Lagabøte med konferansen Fleirfaglege perspektiv på Magnus Lagabøtes landslov 16.–19. september. 

«Landslova ord for ord» vil i hovudsak gå på NRK1. NRK2 har sendinga i tidsrommet 19.00 til 21.50 på laurdagskvelden og når Kveldsnytt startar på NRK1 kl. 23.00. Les meir om sendinga i pressemeldinga frå NRK 

Saka er oppdatert fredag 23. august med endring i programstart frå Bergen.