Prioriterer LED-lys på fylkesvegnettet
Fylkeskommunen oppgraderer veglys langs fylkesvegnettet, som i dag ber preg av eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Prosjektet skal erstatte gamle veglys med moderne og energieffektive LED-lampar.
I september 2022 vart det vedtatt at fylkeskommunen skulle investere 200 millionar kroner for å fornye om lag 30 000 veglysarmaturar. Arbeidet var etter planen satt til en tiårs-plan, men no er målet å få jobben gjort på fem år. Det er oppgradert ein god del armaturar allereie, og utskifting startar for fullt frå 01.01.2025.
– Med riktig styring kan prosjektet og minimere den negative påverknaden kunstig lys har på natur, dyr og insekter. I tillegg vil oppgraderinga til LED redusere vedlikehaldsbehovet betrakteleg, noko som igjen vil føre til færre feil på veglysnettet i framtida, seier Adrian Kasin, prosjektleiar elektro i Vestland fylkeskommune.
Skal sikre ei rask og effektiv gjennomføring
Det er ei stor oppgåve å fornye 30 000 veglysarmaturar langs fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Ressursane til veglysnettet blir difor konsentrerte til dette prosjektet.
– Nordfjord og Sunnfjord er høgt prioritert på grunn av den generelt dårlege tilstanden på anlegga. Til neste år står Bergen og omland for tur, der vi har ansvar for majoriteten av vegbelysninga. Bømlo er vi snart ferdig med, og det er i tillegg planlagt stor utskifting til LED i Hardanger, seier Kasin.
I denne perioden vil ikkje fylkeskommunen prioritere utbetring av mørke enkeltlampar på anlegg som skal fornyast. Utfall av ein heil kurs, lampar i særleg utsette område (til dømes gangfelt), tilfelle der det er mange mørke lampar på eit anlegg, og mørke LED-lampar skal framleis bli utbetra.
– Med det store vedlikehaldsetterslepet på veglysnettet bruker vi i dag betydelege ressursar på utbetring av mørke enkeltlampar, som uansett vil bli erstatta i nær framtid. Vi meiner det heller er fornuftig å rette hovudfokuset mot fornying til LED, slik at vi raskast mogleg kan redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet, seier Kasin.
Frigjer midlar til andre viktige trafikktryggingstiltak
Nokre anlegg er og i så dårleg stand, at det i praksis er behov for å bygge om igjen heile anlegget med master og kablar på nytt. I slike tilfelle må tiltaket vurderast på linje med andre potensielle trafikktryggingstiltak.
– I prosjektet er det viktig at det ikkje går automatikk i utskiftinga, men at det blir gjennomført ei grundig vurdering av det reelle behovet for veglys i kvart enkelt område. Her må vi og vurdere den potensielle påverknaden kunstig belysning har på naturen, seier Kasin.
Samtidig med utskifting av gamle armaturar skal det bli utført ein gjennomgang av heile veglysnettet i fylket. Gjennomgangen er ein del av ein samla strategi for å bruke ressursane på ein betre måte og sørge for at lys langs fylkesvegane faktisk bidrar til betre trafikktryggleik. Fjerning av lys som ikkje gir auka tryggleik vil frigjere midlar som kan brukast på andre trafikktryggingstiltak på fylkesvegane.