Nytt bransjetreff kan gi fleire kokkelærlingar

110 elevar frå restaurant- og matfag frå heile fylket møttest på Fløyen i Bergen då Vestland fylkeskommune arrangerte den første bransjesamlinga av sitt slag. Det ga kommande lærlingar eit gyllent høve til skape viktige relasjonar før læretida startar.

Gruppebilete av alle elevene på Fløyen i Bergen.
NETTVERKSBYGGING: Det er ikkje kvardagskost at ein samlar elevar frå heile fylket på samme plass - i matchande genser. (Foto: Andreas C. Kjærland/Vestland fylkeskommune)

Nettverksbygging er nøkkelordet. Både for elevane og bedriftene. For elevane handlar det om å få foten innanfor bransjen og bli kjent med aktørar som kan tilby lærlingplassar og seinare fast jobb. For bedriftene er det ein måte å knyte kontakt med elevane på, og sikre seg framtidige lærlingar som kan styrkje laget. 

– Det er fint å la alle elevane i fylket få same vilkår til informasjon, og at alle får oppleve eit nærare møte med bransjen. Vi håpar det vart kjennskap og vennskap, og at det utviklar seg til ein rekrutteringseffekt, seier Camilla Johannessen frå opplæringskontor for hotell og restaurantfag i Hordaland.

Tidleg kontakt med skulane er avgjerande

Opplæringskontor for hotell og restaurantfag var ein av aktørane på samlinga. Dei understrekar kor viktig det er å starte samarbeidet mellom skule og bedrift tidleg for å sikre ein god læringsprosess og utvikling for elevane. Tidleg kontakt mellom skular og opplæringsbedrifter gjer det enklare for elevane å forstå kva som krevst av dei i arbeidslivet, og bidreg til å førebu dei på overgangen frå teori til praksis  

Bilete av Johan Johansen og Camilla Johannessen frå opplæringskontoret for hotell og restaurantfag.
RELASJONAR: Johan Johansen og Camilla Johannessen prøver alltid å finne rett lærling til rett stad. Det er heilt avgjerande for ein god læretid. (Foto: Andreas C. Kjærland/Vestland fylkeskommune)

– Relasjonar er jo svært viktig, og vi byrjar derfor tidleg eit samarbeid med skulane. Aller helst ville vi byrje så tidleg som i 9. klasse, seier Camilla Johannessen

Samarbeidet sikrar også at bedriftene får lærlingar som er godt førebudde. Ei god læretid er avgjerande for at elevane fullfører, og blir verande.

– På VG1 byrjar vi å kommunisere med lærarar om kvar elevane kan passe inn. Det er viktig å finne rett person til rett stad, også viss nokon ikkje trivst eller ønskjer noko anna, så kan ein byta litt på det. Då blir det jo ei solskinshistorie til slutt, seier Johan Johansen.

Bedriftene skrik etter kompetanse

Det er eit stort behov for lærlingar, og mat- og restaurantbransjen er blant dei som slit mest. Mangelen på lærlingar i bransjen skaper utfordringar for bedrifter som er avhengige av ny kompetanse for å halde oppe kvaliteten og møte den aukande etterspurnaden etter arbeidskraft.

– Bedriftene skrik etter kompetanse, og det er mange som står utan lærlingar, forklarer Roger Pena frå Opplæringskontoret i Vestland.

– Det er viktig å gjere tiltak for å styrkje rekrutteringa når ein opplever store utfordringar. Samtidig bør ein gi elevane eit innblikk i dei moglegheitene som ventar dei i arbeidslivet, legg han til.

Mangelen på lærlingar er ei utfordring som ikkje berre rammar Vestland, men heile landet. Mange bedrifter står utan lærlingar, noko som kan svekkje den langsiktige utviklinga av arbeidskraft i Noreg. Behovet for kompetanse er stort, og fleire bedrifter uttrykkjer uro for framtida viss ikkje fleire unge vel fagutdanning og tek steget inn i lærlingordninga.

– Eg har personleg stått utan faglært kokk i eitt og eit halvt år. Først no nyleg har vi tilsett ein som faktisk har rett fagkompetanse. Det burde ikkje vere slik at ein må tilsetje kven som helst, seier Jimmy Pasali frå Opplæringskontoret i Vestland.

Bilete av Roger Pena og Jimmy Pasali
UTFORDRING: – Mangelen på lærlingar er landsdekkande, og fleire bedriftar står utan lærlingar. Då er det ekstra viktig å gjere tiltak, seier Roger og Jimmy frå Opplæringskontoret i Vestland. (Foto: Andreas C. Kjærland/Vestland fylkeskommune)

Ein tryggleik mot læretida

Overgangen frå tryggleiken ein har på skulen, til å bli lærling på ein ny arbeidsplass med eit nytt miljø kan vere skummelt for mange. Håpet er at det ukjende skal vere hakket mindre skummelt etter bransjetreffet.

–  Det vil vere viktig for elevane å få denne støtta inn i ei ny tid som lærling. Det er nok mange usikre VG2 elevar som lurer på mykje i forhold til ein læreplass, så vi håpar dette vil tryggje dei inn mot læretida, seier tre av lærarane ved restaurant- og matfag, Bente Iren Vonheim, Siv Bergtun Tombre og Maja Karin Glesnes Torpe.

Bilete av lærarane på restaurant- og matfag.
VIKTIG STØTTE: Lærarane håpar arrangementet blir årleg, og at VG1 elevane kan sjå fram til å delta når dei kjem på VG2. (Foto: Andreas C. Kjærland/Vestland fylkeskommune)

Har planane klare

For nokre av elevane på Sotra vidaregåande skule var treffet nyttig. Markus Rasdal, Rakel Garlid Lie og Dafina Sanchez er blant elevane som allereie har planlagt sin veg vidare som lærlingar, lenge før samlinga på Fløyen. Elevane har fått god hjelp til å tenke på kva dei vil etter skulen av lærar Brita Engeseth.

– Vi fekk god oversikt over dei ulike bedriftene, og mykje meir informasjon enn vi har fått frå før. No veit vi kvar vi kan søkje læreplass viss vi ikkje får førstevalet, seier dei.

Bilete av tre elevar og ein lærar.
NØGD: Elevane var nøgd med bransjetreffet, sjølv om dei allereie har planar om å bli lærlingar. No vet dei om fleire moglegheitar. (Foto: Andreas C. Kjærland/Vestland fylkeskommune)