Ny utviklingsplan – korleis få berekraftig utvikling av eit ambisiøst Vestland?
Den overordna framtidsplanen for samfunnsutviklinga i heile fylket er på høyring, Utviklingsplan for Vestland 2024–2028. – Vestland står midt i ei endrings- og moglegheitstid! Vi treng innspel til planstrategien, no har alle moglegheiten til å påverke utviklinga i fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.
![Nærbilde av tre unge kvinner som står i lag. Dei held pride-flagg, smiler og ler, og har pride-flagg måla på armane. Sola skin og dei er sommarkledde. Urban bygning i bakgrunnen.](/globalassets/foto/plan/utviklingsplanen/framsidebile-pride-1.jpg/LargeImage)
Forslag til Utviklingsplan for Vestland 2024–2028, regional planstrategi, er på høyring og offentleg ettersyn fram til 16. september 2024, etter vedtak i fylkesutvalet. Planen skal vedtakast i desember 2024.
Vil særleg høyre frå dei unge
– Eg oppmodar alle til å sette seg inn i måla og satsingsområda vi har lagt fram for utviklinga av fylket og gje innspel. Dette er heile fylket sin utviklingsplan, som vi ønskjer at alle kan stille seg bak! seier fylkesordførar Jon Askeland. – Vi må vi finne spanande utviklingsmoglegheiter, sjå dei største utfordringane og treffe rett på mål og strategiar, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Han ynskjer innspel frå kommunar, statlege organ, næringsliv, frivilligheit og alle som er interesserte i framtida til fylket vårt. Og aller helst vil han høyre frå dei unge.
– Eg håpar vi får inn mange unge stemmer i høyringsinnspela , og håpar dei òg blir med på å bidra til utviklinga av fylket, seier Askeland.
Fire hovudmål for eit fylke med store ambisjonar
Planforslaget viser til fleire store samfunnsutfordringar for Vestlandssamfunnet dei neste åra, som natur- , energi- og klimakrise, mangel på kompetanse og arbeidskraft til det grøne skiftet, busetnadsmønster og utanforskap.
Planforslaget set fram fire breie satsingsområde der ein har funne større utfordringar, med kvar sine hovudmål for Vestland:
- Velferd og verdiskaping
- Demografi og likeverd
- Klima og natur
- Samarbeid
Det er og forslag til 10 strategiar for å nå samfunnsmåla, der ein skal jobbe med hovudutfordringane for berekraftig utvikling i heile regionen.
![grafisk illustrasjon som viser dei fire store satsingsområda i forslag til ny utviklingsplan for VEstland: Velferd og verdiskaping i blått, Demografi og likeverd i grønt, Klima og natur i gult og Samarbeid i beige.](/globalassets/foto/plan/utviklingsplanen/ny-up_mala.png/LargeImage)
Berekraft som ein raud tråd i alt vi gjer
Planen vil gi eit berekraftsløft for fylket. Samarbeid og samanhengstenking på tvers av Vestlandssamfunnet blir viktige nøklar for å nå fleire av dei 17 berekraftsmåla til FN.
Ulike samfunnsutfordringar heng saman, dette blir tydeleggjort i planforslaget. Å nå eitt berekraftsmål kan gje gode ringverknader for andre mål, og motsett kan måloppnåing på eit område bremse for andre.
– Planlegginga skal i enda større grad vise samanhengar og fremme samarbeid og heilskapstenking på tvers av sektorar. Dette blir grunnlag for det politiske arbeidet og å prioritere innsats, seier Askeland.
Planstrategien er også ein plan for planane, og det blir og lagt opp til ei forenkling av plansystemet i Vestland framover, med to nye, overordna planar: Regional plan for areal og mobilitet og Regional plan for verdiskaping og kompetanse.
Samfunnsutfordringane heng saman
Hovudutfordringane innan folkehelse i fylket er eit døme på behov for samanhengstenking for å få løysingar. Her ser ein at sosial ulikskap i helse, endringar i busetnadsmønster, psykisk helse og livskvalitet, i tillegg til konsekvensar av klimaendringar alle heng i hop og må løysast. Utviklingsplanen legg opp til nettopp styrka kunnskap om samanhengane.
– Utfordringane og samfunnsmåla vi har teikna opp kjem etter ein brei og god prosess i fylket. Eg vonar dei vil engasjere og gje mange innspel til planstrategien, og så ein spire til samanhengstenking og endå breiare samarbeid framover, seier Askeland.
Høyringsfristen er 16. september. Fråsegnene blir tatt med i arbeidet fram mot endeleg utviklingsplan, som fylkestinget skal vedta i desember 2024.
Informasjonsmøte
Det blir digitalt ope informasjonsmøte om høyringa og planforslaget 20. juni 2024 kl. 10.00–11.30. Møtet er ope for alle, og vi vil gjerne ha spørsmål om høyringa, planutkastet og prosessen i møtet.
Delta på informasjonsmøtet
Høyringsside, forslag til Utviklingsplan for Vestland 2024-2028