Nettkurs skal hjelpe ungdom å takle negative tankar

Det blir gratis Tankevirus-kurs for elevar, læringar og skuletilsette i september og oktober.

To små trehjarter med tekst heng på tre i ein skog, medan to hender held ein mobil og tek bilde av dei.
TANKEVIRUS: Kurset tek føre seg ulike negative tankemønster og lærer deltakarane metodar for førebygging og meistring. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre?

Digitalt og anonymt

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.

Kursa er digitale, og alle deltek anonymt.

Det blir slike Tankevirus-kurs i Vestland hausten 2024:

  • Kurs for elevar: 21. og 28. oktober
  • Kurs for lærlingar og lærekandidatar: 22. og 29. oktober
  • Kurs for tilsette i skulen: 20. og 27. september

Kursa går over to dagar, og deltakarane må såleis setje av begge dagane.

Finst også som app

Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Denne er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen. Sju av ti opplever betring.

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen kommune arrangerer Tankevirus-kursa saman.