Får klimapris for god økologisk drift
– Dette er ei stor ære, seier Turid Haga Vange, som saman med mannen, Joar Tistel, er tildelt Klima- og miljøprisen for landbruket 2024. Ekteparet driv økologisk gard i Vik sentrum.
Prisen vart delt ut på Landbrukskonferansen i Myrkdalen 25. september. Klima- og miljøprisen for landbruket er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Leiar av hovudutval for næring, Oddmund Klakegg, delte ut prisen, eit diplom, ein gåvesjekk på 30 000 kroner og blomar.
Stor stas
– Det er ei stor ære å bli trekt fram som vinnar av denne prisen når vi veit kor mange dyktige bondekollegaer vi har som matprodusentar i Vestland fylke. Det er veldig stas for oss at arbeidet vi har gjort, og gjer kvar dag, blir lagt merke til. Vi har hele tida klima og berekraftperspektivet i tankane. Vi jobbar for komande generasjonar, seier Turid og Joar.
Garden ligg på Vange, i sentrum av Vik. Totalt forvaltar dei 450 mål jord, inkludert leigeareal. Dei har 42 mjølkekyr, driv økologisk mjølkeproduksjon med ein kvote på 300 tonn mjølk i året. I tillegg har dei ein lokal fordelingskvote som går til Alm gard i Feios som lagar økologisk ost og is.
Framifrå ambassadørar
Juryen som deler ut prisen, legg vekt på arbeidet Turid Haga Vange og Joar Tistel gjer på eigen gard og som framifrå ambassadørar for næringa.
Under overrekkinga las Oddmund Klakegg frå grunngjevinga til juryen.
– På garden Vange driv dei med mjølkeproduksjon i fjøs med robotmjølking. Friske kyr som har eit langt liv, god fruktbarheit og høg avdrått, bidreg saman med god drift av jorda, til lågt klimaavtrykk. Dyra går på beite både heime og på fjellet. God agronomi sikrar høge avlingar og god fôrkvalitet, sjølv om dei driv garden økologisk og ikkje nyttar plantevernmiddel eller kunstgjødsel. Beiting og god agronomi fremjar biologisk mangfald på og i jorda, sa Klakegg.
Kraftig redusert plastbruk
Garden brukar ein ny tårnsilo i staden for rundballar. Det har redusert plastforbruket med mellom 400 og 500 rundballar i året. I fjøset er det lausdrift og robotmjølking. Kyrne går ute frå mai til oktober, og er to månader på høgfjellet midt på sommaren.
– Metodane som blir brukt, og løysingane dei har valt, har stor overføringsverdi også for bønder som driv konvensjonelt og som ønskjer å forbetre jordhelsa og utvikle drifta si i meir klima- og miljøvenleg retning. I rolla som «klimaspydspissbonde» har Turid motivert andre bønder til å ta i bruk klimakalkulatoren. Klimakalkulatoren er eit viktig hjelpemiddel for å setje inn klimatiltak på eige bruk. Turid framsnakkar også landbruket i mange fora og når fram med ein positiv og realistisk bodskap om landbruket, også til folk utan tilknyting til næringa, sa Oddmund Klakegg og takka dei for det viktige arbeidet dei gjer.
200 år i slekta
Garden har vore i slekta til Turid Haga Vange sidan 1830, i snart 200 år. Ho understrekar at garden har vore driven på mange ulike måtar, men med foreldra hennar skjedde det eit viktig skifte.
– For berre to generasjonar sidan vart garden driven med hest. Foreldra mine hadde tankar og verdiar og var nysgjerrige på økologisk landbruk. Dei la om til økologisk drift i 1989. Dei bygde garden opp slik den er i dag. Eg er fødd inn i økologisk drift, og satsing på berekraft og dyrevelferd, seier Turid Haga Vange.
Mosjon i høgfjellet
Dyra på garden har eit godt og langt liv. TINE har ein statistikk over levealder og produksjon. Garden i Vik er på 6. plass rekna ut etter kor mykje kyrne har mjølka gjennom åra fram til slakt. Turid Haga Vange seier at dyrehelse og velferd er viktig.
– Vi tar kyrne på fjellbeite i Fresvik-Jordalen, mot Gudvangen, to månader om sommaren. Då har kyrne ferie og mjølkar ikkje. Far min starta opp ein gammal tradisjon med at kyrne skal gå over høgfjellet heim att til Vik. Då får dei mosjon, og vi tar vare på stiane i høgfjellet. Vi er mellom seks og ti vaksne som går turen med kyrne. I år var det 68 kyr og kalvar på turen som passerer opp i 1350 meter over havet. Vi går ca 10 kilometer om dagen og brukte tre dagar på turen.
Miljøvennleg produksjon
Turid Haga Vange er ikkje samd i at produksjon av raudt kjøt ikkje er klimavennleg.
– Tvert imot er det bra for miljøet. Når vi får klimaprisen, viser det at måten vi driv på, med drøvtyggarar og grasproduksjon, er klimavennleg. Dette er den mest miljøvennlege måten vi kan drive her på Vestlandet. Ein klimakalkulator er tilgjengeleg for dei aller fleste produksjonar innan landbruket. Kvar gard kan rekne ut klimaavtrykk. Og vi i Norge har mykje lågare klimaavtrykk enn gardar i utlandet, understrekar Turid Haga Vange.
Klimaet spelar dei eit puss
På garden i Vik har klimaet spela dei eit puss i år.
– Det regna nesten ikkje frå tidleg i april til midten av juli. Det kom berre marginalt med regn. Det førte til at den første og andre slåtten ikkje gav så gode avlingar. Men så kom regnet og tredje slåtten vart bra. Dette er den tredje tørkesommaren på seks år. Avlinga i år er ikkje noko å skryte av, men vi har likevel nok fôr til dyra. Men om dette blir normalen framover, må vi jobbe med klimatilpassing og vurderer no større vatningsanlegg, seier Turid Haga Vange og Joar Tistel.
Viste bilete og fortalde om drifta
Etter prisutdelinga, viste prisvinnarane bilete og fortalde om drifta av garden.
Klima- og miljøprisen blir delt ut annakvart år. I kriteria for å få prisen heiter det at prisen skal medverke til auka merksemd og kunnskap om klima- og miljøtiltak i landbruket, og bidra til omlegging i landbruket i samsvar med nasjonale mål for klima og miljø. Prisen skal vere ei påskjønning for særleg innsats i dette arbeidet.