Frivilligprisen Vestland 2024 går til Ida Kristine Sekkingstad

Ho får prisen for den store innsatsen sin for ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser.

Tre personar stilte opp med blomster og kunstverk i hendene.
FRIVILLIGPRISEN 2024: Ida Kristine Sekkingstad tok imot prisen på møtet i fylkestinget i Bergen 12. desember. Fylkesordførar Jon Askeland stod for tildelinga, og direktør for kultur og folkehelse, Per Morten Ekerhovd, overrekte kunstverket som er del av prisen. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)

– Årets prisvinnar peika seg tidleg ut som ein favoritt i juryen. I åra sine som frivillig har ho hjelpt mange menneske, både brukarar og pårørande. Ho viser at det finst ein veg ut, og at det er mogleg å bli frisk. Det er veldig kjekt å dele ut denne prisen – gratulerer så mykje og lukke til vidare med den viktige jobben, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Det var ein glad prisvinnar som tok imot prisen under møtet i fylkestinget i Bergen 12. desember.

– Dette er heilt fantastisk! Det er ei ære berre å blir nominert. Det viser at ein blir sett pris på, og det er eg takknemleg for, seier Ida Kristine Sekkingstad.

– Det betyr alt

Sekkingstad bur i Bergen og har vakt hjå ROS annankvar veke. ROS-senteret er eit brukarorientert lågterskeltilbod, der Sekkingstad bidreg med råd, hjelp og støtte. Juryen har lagt vekt på mangfaldet av menneske som får hjelp, og at hjelpa frå chat- og telefontenesta er eit tilbod til heile vestlandsregionen og heile landet.

Kvinne sit ved bord med pc framfor seg.
Ida Kristine Sekkingstad har vakt hjå ROS-senteret i Bergen annankvar veke. Blant arbeidsoppgåvene er blant anna det å svare på både chat og telefon når folk tek kontakt for å få hjelp. (Foto: privat)

For Sekkingstad har den frivillig innsatsen blitt ein del av livet og kvardagen

– Det er når eg er på vakt hjå ROS annankvar veke at eg verkeleg føler at eg får gitt av meg sjølv og bidrege til noko langt større enn meg sjølv. Det å vere frivillig hjå ROS betyr alt. Om eg berre kan hjelpe ein einaste person, er det nok, slår ho fast.

Ville bruke eiga erfaring for andre

Ho søkte seg til frivilligheita for å kunne bruke seg sjølv og si eiga erfaring for å hjelpe andre. Då var det ROS som peika seg ut som rett organisasjon.

– Om eg ikkje kan finne ei meining med at eg sjølv var sjuk, så kan eg i alle fall snu det negative til noko positivt – at eg kan vere der for andre som slit, og at eg kan gjere ein forskjell for andre. For meg er det heilt uvurderleg, og det er noko som motiverer meg kvar einaste dag til å vere frivillig, seier Sekkingstad.

Juryen seier i grunngjevinga si at ho både bidreg med hjelp som gjer større innsikt i situasjonen til brukarane, og med hjelp til å finne vegen vidare i hjelpesystemet.

– Ida er til å stole på og er særs godt likt av alle tilsette og frivillige i ROS, skriv juryen.

Gir pengane til ROS

No oppmodar ho fleire til å engasjere seg for andre.

– Det finst så mange måtar ein kan bidra på, og samfunnet vårt er heilt avhengig av at enkeltpersonar gir av tida si på den måten. Eg oppmodar alle som kan og har lyst å gje av seg sjølv og hjelpe andre, til å bli frivillig. Det er gjevande, minnerikt og ikkje minst ekstremt viktig for mange, seier prisvinnaren.

Prisen er på 50 000 kr og eit originalkunstverk. Pengane går rett vidare til ROS.

– Ein stor del av arbeidet til ROS er basert på frivilligheit. Eg skulle ønske fleire såg verdien av dette viktige arbeidet, og at dei treng støtte til å kunne halde fram, seier ho.

Rollemodellar og førebilete

Frivilligprisen til Vestland fylkeskommune skal motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita i fylket. Prisen skal synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien til frivilligheita gjennom å løfte fram gode førebilete og eksempel på resultat av frivillig innsats.

Den eller dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilete og til inspirasjon for andre. Det kom inn 25 nominasjonar til Frivilligprisen Vestland 2024.

Portrettbilde og sitat frå ho der ho seier korleis det er å jobbe som frivillig i ROS-senteret.

Grunngjevinga til juryen

Årets prisvinnar peika seg tidleg ut som ein favoritt blant juryen. I sine seks år som frivillig har årets prisvinnar hjelpt mange menneske, både brukarar og deira pårørande. Prisvinnaren gjev òg støtte til andre frivillige i organisasjonen. Ved å sette ord på vanskelege tankar og følelsar og vere eit medmenneske som forstår, bidrar prisvinnaren med hjelp som gjev større innsikt i brukarane sin situasjon og til å finne vegen vidare i hjelpesystemet.

Juryen har lagt vekt på mangfaldet av menneske som får råd, hjelp og støtte av prisvinnaren. Denne sjukdommen kan råke alle, uavhengig av alder, kjønn, etnisk bakgrunn og sosioøkonomisk status. Juryen har og lagt vekt på at hjelpa frå chat og telefontenesta strekker seg over heile vestlandsregionen. Årets prisvinnar viser at det finst ein veg ut, og at det er mogleg å bli frisk.

Frivilligprisen Vestland 2024 går til Ida Kristine Sekkingstad frå ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser.

ROS-senteret i Vestland er eit brukarorientert lågterskeltilbod. Ida er til å stole på og er særs godt likt av alle tilsette og frivillige i ROS. Ida har i tillegg bidratt i pårørandegrupper der ho deler sin erfaring med spiseforstyrringar og korleis ho har blitt frisk.