Prinsipiell opning for at elbilane bidreg meir i bompengeprosjekta

Fylkestinget har fatta prinsippvedtak om redusert rabatt for lette nullutsleppskøyretøy i bompengeprosjekta i Vestland. – Dette kan motverke hyppige takstendringar for alle og vere med på å sikre inntektene, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

Nærbilde ovanifrå og frå sida av 4-felts grå motorveg med grå mur og brunt buskas bak, ein blå bil køyrer mot høgre, over vegbanene heng det to kamera for bompengeregistrering og to store blå skilt med tekst m.a. Sotra og Askøy. vegbanene er delt med midtrabatt og det er eit tre utan lauv i forgrunnen.
ENDRING I TAKSTAR FOR ELBILAR: Fylkestinget opnar for at elbilrabatten blir redusert i bompengepakkane i fylket, som her i Bypakke Bergen. Slik kan ein få jamnare fordeling av kostnadane på bilistane og sikre inntektene. Foto: Miljøløftet.no

Fylkestinget fatta prinsippvedtak om redusert rabatt for lette nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 i alle eksisterande og framtidige bompengeprosjekt i fylket i møte 19. mars 2024, gitt at kommunane gjer same vedtak.

Betre fordeling av kostnadane

Det er Stortinget som har opna for at rabatten for lette nullutsleppskøyretøy i bompengeprosjekt kan reduserast frå 50 til 30 prosent av ordinær takst i takstgruppe 1. Fylkestinget er positive til dette, men endringa fordrar at prosjektkommunane er einige og gjer samme vedtak.

– Elektrifiseringa av vegtrafikken er eit viktig klimatiltak i Vestland. Talet elbilar aukar, også i distrikta, og det er svært gledeleg. Samstundes må vi sikre inntektene i bompengepakkane, og dei går ned når talet elbilar går opp. Med denne endringa blir kostnadane jamnare fordelt på elbilar og fossile køyretøy, og takstendringane ikkje så hyppige. Elbilane tek like stor plass og har like stor vegslitasje som fossile køyretøy, seier Askeland. 

Påverkar kollektivtransporten

Det er store skilnadar i talet nullutsleppskøyretøy kring om i fylket, der delen elbilar er høgare i områda rundt byane. Kvinnheradpakken hadde lågast nullutsleppsandel på 21,4 prosent av køyretøya, medan Askøypakken hadde meir enn dobbelt så høg andel på heile 46,9 prosent i 2023.
 
–  Vi ser og at låge elbiltakstar i byområda kan bidra til å svekke konkurransekrafta til kollektivtransporten og auke trengselen i vegnettet. Uansett må økonomien i bompengepakkane vere sikker og robust framover, samstundes som elbilar har økonomiske fordelar, seier Askeland.
For slik rabattreduksjon i strekningsvise bompengeprosjekt i fylket trengst berre fylkeskommunalt vedtak, per no er dette E39 Svegatjørn-Rådal og Hardangerbrua.

Fylkestinget ber no om ei analyse av det samla bompengetrykket og trafikkutviklinga i byvekstregionen, der ein òg inkluderer dei nye bompengepakkane i området.