Ambisiøse mål for framtids-Vestland

Fylket sin nye utviklingsplan set store mål for Vestland-samfunnet, om ein inkluderande, berekraftig og nyskapande region. Saman skal vi takle utfordringar i ei uroleg tid, som aukande sosial ulikskap, hardtslåande klimaendringar og mangel på rett kompetanse.

Kvinner med prideflagg.
MENNESKE OG MOGLEGHEITER: Pride-toget i Førde i 2023 viste glede og inkludering. Utviklingsplanen har mål om at Vestland skal vere eit inkluderande fylke, der menneska er den viktigaste ressursen vår i samfunnsutviklinga. (Foto: Anniken Gjørøy.)

Utviklingsplan for Vestland 2024–2028, regional planstrategi, vart vedtatt i fylkestinget 12. desember 2024. Utviklingsplanen er den overordna planstrategien for samfunnsutviklinga i heile fylket, og blir ny kvart fjerde år. 

Fire mål for eit godt Vestland i framtida

– Vi skal gjere Vestland betre, dette er heile fylket sin framtidsplan! No har vi peika ut hovudutfordringane, vi har fått retning og gode mål å gå mot, og strategiar for å nå dei, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

–  Vi må også omstille oss, og utviklingsplanen er det viktigaste verktøyet vi har for berekraftig og samordna utvikling i heile fylket. 

Uviklingsplanen har fire breie satsingsområde, med kvar sine mål vi skal ha for auge når vi skal prioritere, satse og planlegge for vestlandssamfunnet. Vi skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på naturgitte fortrinn, vere eit inkluderande fylke med trygge lokalsamfunn, klima og naturmangfald er premissa for samfunnsutviklinga, og vi skal verte enda betre på  samarbeid og samordning.  

– Eg er stolt over å legge fram ein så grundig og framtidsretta utviklingsplan, etter ein brei prosess i fylket, seier Askeland.   

Stor gevinst med eit inkluderande vestlandssamfunn 

Dei fleste av oss lev gode liv i Vestland, det viser kunnskapsgrunnlaget for strategien. Men det blir peika på seks store utfordringsområde vi må arbeide for å møte framover. Eit av dei er livskvalitet og like moglegheiter. Innbyggarane våre blir ei stadig meir mangfaldig gruppe, og om lag 14 prosent i fylket lev i utanforskap. Dette er utfordrande for den einskilde, med  minska moglegheiter knytt til utdanning, arbeid og helse, men det er og dårleg nytt for heile fylket då vi ikkje får utnytta innbyggarkapitalen vår med deltaking i samfunn og arbeidsliv. 

– Den viktigaste ressursen vår er menneska i fylket. Med sine ulike bakgrunnar, erfaringar og idéar er dei kjernen i denne utviklingsplanen. Gevinsten er stor med deltaking, like moglegheiter og kompetanseutvikling, og dette legg utviklingsplanen til rette for, seier Askeland.  

Fleire mål i sikte samstundes 

No inviterer fylkesordføraren kommunar, frivillige, næringslivet og innbyggjarar til å ta aktivt del i overgangen til nye løysingar, tenkemåtar og klimavenlege val med utviklingsplanen som grunnlag. Samhandling på tvers og samanhengstenking er framheva som ein nøkkel for å lukkast, også fordi vi må ha fleire mål i sikte samstundes for å unngå målkonflikter framover.  Det som kan gi god måloppnåing på eit felt, som t.d. nye energikjelder, kan ha negativ verknad for andre mål, som vern av natur. Likeins kan til dømes det å skape gode lokalsamfunn ha god effekt for andre mål, som å gi fleire moglegheit til deltaking og større verdiskaping i fylket. 

–  Vi må dra i lag og tenke samanhengar. Det hjelper utviklingsplanen oss med å få til. No har vi grunnlaget for å kunne skape ein sterk, livskraftig og berekraftig region i lag, seier Askeland.  

Fylkestinget handsama saka Utviklingsplan for Vestland 2024–2028, regional planstrategi, 12. desember. Dei vedtok nokre mindre justeringar i teksten. Desse vil bli inkludert og endeleg plan blir lagd ut på nettsidene så snart som mogleg etter dette.