98 prosent av elevane i Nordhordland har fått læreplass

Godt samarbeid med næringslivet er ein suksessfaktor.

Yrkesfagelev i arbeid med verneutstyr.
LÆRLING: Teknologi- og industrifag er eit tilbod ved både Knarvik, Austrheim og Osterøy vgs., og mange elevar går ut i lære i ulike retningar innan faget. (Illustrasjonsfoto: Knarvik vidaregåande skule)

Osterøy vgs., Austrheim vgs. og Knarvik vgs. jobbar godt og grundig saman med næringslivet i området for å får elevar ut i lære, noko som har gitt svært gode resultat: I år hadde 186 av 190 elevar ved dei tre skulane fått læreplassar før skuleåret var slutt.

Tett samarbeid er avgjerande

Skule + næringsliv = sant, skal vi tru rektor Geir Rydland ved Knarvik vgs., som seier dette om suksessen:

– Vi må sjå samanhengane, og då er kontakt og samarbeid med næringslivet heilt avgjerande. Elevane som går yrkesfag skal først ha to år på skulen, så to år i lære, før dei då kan ta fagbrev. Vi må sjå dette som eit samla opplæringsløp og jobbe for at alle fullfører heile løpet. Når 98 prosent av elevane har fått læreplass før dei er ferdige med dei to åra på skulen, har vi lagt eit veldig godt grunnlag for det, seier Rydland.

Inngangspartiet til Knarvik vidaregåande skule.
Kvarvik vgs. er ein av skulane som har eit tett og godt samarbeid med Nordhordland Næringslag når det gjeld å sikre læreplassar til elevane. (Foto: Knarvik vidaregåande skule)

Dei tre vidaregåande skulane i Nordhordland tilbyr til saman opplæring i ei rekke yrkesfaglege studieretningar, blant anna helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi. Ved Knarvik vgs. har dei også tilbod om opplæring gjennom TAF-/YSK-ordninga, som gjer at elevane kan ta både fagbrev og studiekompetanse i løpet av fire år.

Aktivt næringslag

Noko av nøkkelen til at så mange får læreplass er samarbeidet med næringslivet, nærare bestemt Nordhordland Næringslag. Ved starten av kvart skuleår besøker dei alle klassane på vg2 på dei tre skulane. Då informerer dei om krav og forventningar i arbeidslivet, og om kvifor lite fråvær og gode karakterar i orden og åtferd er så viktig.

I løpet av året er også ressursgruppa til Nordhordland Næringslag, som er frivillige seniorar frå både offentleg og privat sektor, ute og besøker skulane. Dei les gjennom søknadar og cv-ar og tipsar elevane og aktuelle bedrifter for læreplassar.

Fire grunnar til suksess

Vivian Kårbø er prosjektleiar i Nordhordland Næringslag, og meiner det i hovudsak er fire grunnar til at regionen leverer så godt på læreplassar.

– Det er heilt sentralt at skulane har godt kontakt med og har bydt eit nettverk ut mot næringslivet. I tillegg er elevane ute i praksis både i haust- og vårsemesteret. Grunn nummer tre og fire er at skulane hjelper elevane å skrive både søknad og cv, og ikkje minst at elevane veit kvar dei kan søkje læreplass, slår Kårbø fast.

For skulen inneber det tette samarbeidet med næringslivet også ei tryggheit.

– Det er klart det betyr noko for oss på skulane at vi kjenner bedriftene og næringslivet som heilskap. Då veit vi at elevane går vidare frå oss og ut i gode bedrifter, som vil gjere sitt for å bidra til at dei kan ta fagbrev når læretida er over, seier rektoren i Knarvik.