2,3 millionar til det frivillige kulturlivet og kreative næringar

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har fordelt tilskot.

Selja kloster og helgenanlegg
UTSTILLING: Venner av Selja kloster er ein av søkjarane som tilskot. Dei får 50 000 kr til ei vandreutstilling om Sta. Sunniva, Selja og pilegrim langs kysten. (Illustrasjonsfoto: Sigrun Espe/Vestland fylkeskommune)

Tolv søkjararar får til saman 1,5 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune gjennom tilskotsordninga for regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar. I tilskotsordninga for det frivillige kulturlivet får 27 prosjekt og tiltak støtte.

Regional bransjeutvikling

– Vestland fylkeskommune skal bidra til at vi har eit aktivt, skapande og mangfaldig kulturliv her i fylket. For å få til det, er det viktig at vi sikrar at også bransjestrukturane i dei kulturelle og kreative næringane får høve til å utvikle seg. Det kan vere alt frå visuell kunst og litteratur til arkitektur, mote, film og spel, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Tilskota skal gå til tenesteutvikling og kompetanseheving innan nærings-, marknads- og forretningsutvikling, som kjem fleire aktørar i regionen til gode.

Hovudutvalet fordelte tilskota slik:

  • Bergen Kjøtt: 100 000 kr
  • Bergen internasjonale filmfestival: 120 000 kr
  • B-open: 90 000 kr
  • Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane: 80 000 kr
  • Norsk Forfattersentrum Vestlandet: 180 000 kr
  • Norsk nettverk for dataspillbedrifter – NONEDA: 110 000 kr
  • Norske kunsthåndverkere Vest-Norge: 80 000 kr
  • Saltnwax AS: 140 000 kr
  • Syv mil AS: 150 000 kr
  • Tekstallianse: 100 000 kr
  • Tekstallmenningen AS: 200 000 kr
  • Vill vill vest: 150 000 kr

860 000 kr til det frivillige kulturlivet

Tilskotsordninga for prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet har to årlege søknadsfristar, og i denne runden hadde hovudutvalet 860 000 å fordele på søkjarane.

– Det frivillige kulturlivet er avgjerande for aktivitet og engasjement. Dei mange frivillige i fylket vårt er med og skaper gode opplevingar for både unge og gamle på svært mange område. Difor er det så viktig at fylkeskommunen støttar den frivillige verksemda og legg til rette for auka samspel mellom frivilligheita, det offentlege og den profesjonelle kulturlivet, seier Nødseth.

Tilskota til det frivillige kulturlivet vart fordelte slik:

  • 4H Hordaland får 40 000 kr til landsleir på Voss
  • AKKS Bergen får 35 000 kr til Eggstockfestivalen 2024
  • Bergen internasjonale kultursenter får 15 000 kr til Møt verden i Bergen - Familielørdag
  • Bergen spillfestival får 40 000 kr til Bergen Spillfestival 2024
  • Brasswind får 70 000 kr til BrassWind 2024
  • Eikanger-Bjørsvik musikklag får 20 000 kr til Feriespel 2024
  • Folkeakademiet Hordaland får 40 000 kr til vandreteateret Båtlaus mann er bunden til landet
  • Fosse-stiftinga får 25 000 kr til arrangement våren 2024
  • Hordaland ungdomsbrassband får 20 000 kr til inspirasjonskonsert med Eikanger-Bjørsvik
  • HSD Sunnhordland drift AS får 10 000 kr til fartøyvernsamling ombord på Veteranskipet M/S Sunnhordland
  • Krohnengen brass band får 35 000 kr til Brass til alle med Krohnengen Brass Band
  • NFU Vestland fylkeslag får 70 000 kr til Kulturfestivalane i Førde og Bergen
  • Nordaccordion får 40 000 kr til Nordaccordion 2024
  • Norske symfoniorkestres landsforbund får 15 000 kr til Vestlandsk Sommarsymfoni 2024
  • Ravnanger brass får 20 000 kr til Ravnanger Musikkfestival 2024
  • Rutebilhistorisk forening avd. Sogn og Fjordane RHF får 20 000 kr til sitt årlege busstreff og årsmøte
  • Serix får 10 000 kr til Tegneseriens dag 2024
  • Sogn bunadnettverk får 35 000 kr til dokumentasjon og publikasjon av utstillinga Frå folkedrakt til sognebunad
  • Sogn og Fjordane folkemusikklag får 30 000 kr til UngLåt 2024
  • Sogn og Fjordane ungdomslag får 30 000 kr til rekonstruksjon av Sunnfjords herrebunad
  • Sommerstryk får 30 000 kr til Sommerstryk 2024
  • Strusshamn musikkforening får 35 000 kr til pilotprosjekt for rekruttering, inkludering og utvikling av barn og unge innan musikk og kultur
  • Sunnhordland kammerorkester får 20 000 kr til Sunnhordland Kammerorkester presenterer unge solistar/rekrutteringsprosjekt
  • Torgdagen i Bergen får 50 000 kr til torgdagen i Bergen
  • Ung i Kor får 30 000 kr til Vest Sommersanguka 2024
  • Venner av Selja kloster får 50 000 kr til vandreutstilling Sta. Sunniva, Selja og pilegrim langs kysten
  • Voss kunst og kultur får 25 000 kr til interkommunalt samarbeid om Kulturminnedagane i regi av Kulturvernforbundet Indre Vestland nye kulturarvregion