Ny utviklingsplan for Vestland – eit berekraftsløft

Blir vestlendingen klimaflyktning? Må velferda reddast av kunstig intelligens, eller bommar vi i arbeidet med det grøne skiftet? Dette er nokre av utfordringane dei nye fylkespolitikarane tek med seg når den neste utviklingsplanen for fylket skal lagast. Fylkestinget vedtok oppstart av planarbeidet 2. november.

Illustrasjon som syner katastrofescenario i Bergen, med overfløymt Bryggen, bilar og skilt i vatnet og ei gul badeand i front i bildet.
TENKTE FRAMTIDSBILDE: Vil Vestland blir råka av brutale klimaendringar som utløyser panikk og øydelegg infrastruktur? Dette er eit av fleire tenkte framtidsbilde som skal diskuterast når utviklingsplanen til Vestland skal lagast. (Illustrasjon: Martin Losvik)

– No skal vi sette retning for utviklinga av Vestland, i lag med innbyggarar, kommunar, organisasjonar og næringsliv i heile fylket. Vi skal sjå langt fram, vi skal finne sterke sider som skal satsast på, og vi skal sjå kvar vi må bli betre. Heilskapleg berekraft er den raude tråden, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

Utviklingsplan for Vestland 2024–2028, regional planstrategi, er den overordna planen for samfunnsutviklinga i fylket og blir ny kvar valperiode. Det nye fylkestinget skal ha planen ferdig eit år innan oppstart, for endeleg vedtak i desember 2024.

Fylkestingsrepresentantane samla i Vestlandssalen.
Fylkestinget var samla til sitt første ordinære møte i Vestlandssalen på Vestlandshuset 1. og 2. november. Der vedtok dei blant anna oppstart av utviklingsplanen. (Foto: Karoline Rage/Vestland fylkeskommune)

Berekraftsmål i samanheng

I sitt første ordinære møte sette det nye fylkestinget i gang arbeidet med den neste utviklingsplanen for Vestland. Berekraftsmåla til FN ligg til grunn både for den nye og den gjeldande utviklingsplanen, og kunnskapsgrunnlaget for arbeidet er laga gjennom eit breitt samarbeid i fylket. Her er det tatt nye grep for å finne utfordringane vi står framfor i ein utfordringsrapport, i lag med den siste statistikken og ferske fakta. 

– Vi får ei ny tilnærming til berekraft i arbeidet med denne utviklingsplanen. Det nye kunnskapsgrunnlaget viser oss samfunnskonflikter og politiske dilemma vi kjem opp i når fleire berekraftsmål skal nåast samstundes. No skal vi sjå måla i ein større samanheng, som gjer ein endå betre retning for berekraftsarbeidet i fylket, seier Askeland.

I kunnskapsgrunnlaget for planen er det dratt fram fleire slike utviklingsdilemma for diskusjon, i seks utfordringsområde for fylket.

Blir vi klimaherja og nøysame?

Eit døme på ei slik berekraftskonflikt, som kan komme i samfunnsplanlegginga, er at det trengst både mineral og fornybar energi for å få til det grøne skiftet, men at dette krev bruk av areal som igjen går utover naturmangfaldet vårt.

Nytt er òg bruken av framtidsscenario, som skal hjelpe til å sjå langt framover i tid. Blir Vestland herja av brutale klimaendringar som øydelegg infrastruktur, eller må vi bli vi fattige og nøysame for å klare det grøne skiftet?

– Med så mykje aktuell kunnskap og nye arbeidsmåtar kan vi lage ein utviklingsplan som vil bu oss på reelle utfordringar og hjelpe oss å utvikle Vestland på best mogleg måte, seier Askeland.

– Eg gler meg verkeleg til dette arbeidet. 

Fylkestinget vedtok at tilnærminga i utfordringsrapporten med å sjå på berekraftsdilemma og målkonfliktar samt framtidsscenario skal nyttast vidare i arbeidet fram mot ferdig plan.

Dei seks utfordringsområda som blir peika på for fylket er by- og bygdeutvikling, klima og energi, livskvalitet og like moglegheiter, naturmangfald og areal, verdiskaping og kompetanse og samarbeid og kunnskapsutvikling.

Heile fylket sin plan

Utviklingsplanen ligg til grunn for all samfunnsplanlegging i fylket. Den gjev fylkeskommunen, kommunane, næringsliv og organisasjonar eit grunnlag for prioriteringar og avgjersler, og den skal bli til i eit breitt samarbeid i fylket.

– Dette er heile fylket sin utviklingsplan, og vi treng kunnskap frå dei som sit tett på for å få fram ulike perspektiv og reelle utfordringar. Alle skal kunne dra i same retning for å få til den beste samfunnsutviklinga, seier Askeland.

Det blir fleire innspelsmøte til planstrategien rundt om i fylket vinteren 2024, med deltaking frå næringsliv, frivillig sektor, kommunar, innbyggarar og politisk nivå, før eit utkast blir sendt på høyring i juni neste år.

Utviklingsplan for Vestland 2024–2028 blir vedtatt i desember 2024.