Mandatfordelinga til Vestland fylkesting er klar

Fylkesvalstyret godkjende laurdag 16. september 2023 mandatfordelinga til dei 65 representantane i fylkestinget. Oppteljinga av stemmene syner at Vestland har høgast oppslutning i landet til fylkestingsvalet med 60,9 prosent.

Vallokale og person som skal stemme.
BEST I LANDET: Vestland er best i landet i oppslutnad om fylkestingsvalet. Foto: Valdirektoratet

På 2. plass i valdeltaking er Rogaland med 60,5 prosent, mens Trøndelag har 3. plass med 59,6 prosent. Gjennomsnittet for landet er 57,5 ved fylkestingsvalet. Også ved fylkestingsvalet for fire år sidan hadde Vestland høgast oppslutning i landet. Totalt stemte 309 319 personar ved fylkestingsvalet i Vestland.

Protokollen til fylkesvalstyret over fylkestingsvalet i Vestland 2023 del 1 (pdf)

Protokollen til fylkesvalstyret over fylkestingsvalet i Vestland 2023 del 2 (pdf)

Person i rom fotografert bakfrå med skjermar med personar på veggen i bakgrunnen.
Marthe Hammer leia det digitale møtet i fylkesvalstyret laurdag 16. september kl. 12 der det vart klart kven som kjem inn i det nye fylkestinget. Dei andre representantane i fylkesvalstyret på skjerm i bakgrunnen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Stemmene ved valet gir slik fordeling av dei 65 mandata til det nye fylkestinget:

Fylkestinget i Vestland 2023-2027

Høgre (15 mandat)

Høgre (15 mandat)
Silja Ekeland Bjørkly
Noralv Distad
Kåre Martin Kleppe
Tora Hodneland Kildehaug
Dan Stian Femoen
Hanne Eva Husebø Kristensen
Gunnar Moland
Silvia Haugland
Stig Stellberg
John TorgeirTorsvik
Beate Dybendal Nordvik
Kristin Mjanger
Lise Wergeland Strømmen
Elias Roko Eide
Ida Steinsland Lutro

Arbeidarpartiet (12 mandat)

Stian Jean Opedal Davies
Kine Bratli Dale
Arve Helle
Karianne Alette Torvanger
Espen Edvardsen
Siri Sandvik
Per Jarle Kosior Valvatne
Nina Haug
Arne Jæger
Marita Harkestad Oen
Emil Tomasgard
Lillian Vangberg

Fremskrittspartiet (9 mandat)

Terje Søviknes
Sigbjørn Framnes
Renate Møgster Klepsvik
Martine Jordana Baarholm
Frank Willy Djuvik
Stig Abrahamsen
Helge Stormoen
Sigurd André Maraas
Gustav Bahus

Senterpartiet (7 mandat)

Jon Askeland
Aleksander Øren  Heen
Sigrid Brattabø Handegard
Sigurd Erlend Reksnes
Tonje Såkvitne
Alexander Fosse Andersen
Marianne Nordhus

SV – Sosialistisk Venstreparti (5 mandat)

Marthe Hammer
Åsmund Berthelsen
Marianne Sæhle
Alexander Papas
Hege Lothe

Industri- og Næringspartiet (4 mandat)

Ann Jorun Hillersøy
Bjarte Helland
Bente Spissøy
Tommy Sævareid

Kristeleg Folkeparti (3 mandat)

Trude Brosvik
Jon Olav Økland
Arne Normann

Miljøpartiet Dei Grøne (3 mandat)

Nils-Anders Nøttseter
Suzanne Michelle Rødseth
Kaya Stæger-Breisnes

Venstre (3 mandat)

Åsta  Årøen
Jacob André Telvik Nødseth
Marius Hellan Hindenes

Raudt (2 mandat)

Jeanette Onarheim Syversen
Rita Tonning

Bergenslisten (1 mandat)

Trond Tystad

Pensjonistpartiet (1 mandat)

Kurt Johnny Heggernæs

Person som putter papir inn i maskin.
Nesten 310 000 stemmer vart kontrolltelt i Vestlandshuset i Bergen. Her puttar valmedarbeidar Shamin Ahsan vel 300 stemmer frå valdagen, frå ein krets i Bergen, inn i den maskinelle teljemaskinen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Nye i fylkestinget

Nye parti i fylkestinget blir Industri- og Næringspartiet  og Bergenslisten.

Her er oversikt over oppslutninga til partia og endring i mandatfordeling:

Parti

Oppslutning %

Endring oppslutning %

Mandat

Endring mandat

Høgre

22,8

+4,8

15

+3

Arbeidarpartiet

17,8

-2,6

12

-2

Fremskrittspartiet

12,6

+4,1

9

+3

Senterpartiet

11,0

-4,8

7

-3

SV Sosialistisk Venstreparti

7,8

+1,5

+1

Industri- og Næringspartiet

6,1

+6,1

4

+4

Kristeleg Folkeparti

4,9

0,0

0

Venstre

4,2

+0,7

3

+1

Miljøpartiet De Grønne

3,9

-3,2

3

-2

Raudt

3,2

-0,2

2

0

Bergenslisten

1,6

+1,6

1

+1

Pensjonistpartiet

1,4

+0,3

1

0

Konservativt

0,9

+0.1

0

0

Folkets Parti

0,4

-8,7

0

-6

Norgesdemokratene

0,4

+0,1

0

0

Folkestyrelisten

0,3

+0,3

0

0

Partiet Sentrum

0,3

+0,3

0

0

Liberalistene

0,2

0,0

0

0

Tala er henta frå nettsidene til Valgdirektoratet: valg.no

Kontrollteljing

Stemmene ved valet vart først talde opp i kommunane 11. og 12. september. Deretter kontrolltelte fylkeskommunen alle stemmene. Det skjedde frå onsdag 13. september til fredag 15. september klokka 15.15 då dei siste stemmene vart talde opp. Laurdag 16. september klokka 12, i digitalt møte, gjekk fylkesvalstyret gjennom resultata og mandatfordelinga av dei 65 plassane i det nye fylkestinget.

Fylkesvalstyret skal tysdag 19. september godkjenne det endelege resultatet og skrive under møteboka.

Det nye fylkestinget blir konstituert under det første fylkestinget, som er 17. og 18. oktober i Vestlandssalen, i Vestlandshuset i Bergen.

Nøkkeltal og kandidatkåring - fylkestingsvalet i Vestland 2023 (pdf)
* Frammøteprosenten i pdf'en er alle som møtte i stemmelokalet