Kven skal ha breiband med høg hastigheit og 100 prosent mobildekning?
Jo, alle husstandar i Vestland. Og no har fylkestinget vedteke temaplan for breiband og digitalisering.
Den nye planen skal sikre at arbeidet knytt til digital infrastruktur og digitalisering blir samordna, og visjonen er at Vestland skal vere leiande i å utnytte potensialet i digitalisering, for å sikre gode bu- og arbeidsområde i heile fylket.
- Takka vere offensiv politikk på feltet har Vestland den beste breibandsdekninga i landet. Dette gjer det mogleg for innbyggjarane å ta del i dei store samfunnsendringane som digitalisering medfører, og sikrar tilgang til mobilitet og digitale tenester. Ein godt utbygd digital infrastruktur aukar tilgangen på høgare utdanning, også i distrikta. Det er også eit godt verkemiddel for å oppretthalda ein desentralisert arbeidsmarknad, seier fylkesordførar Jon Askeland.
- Ein føresetnad for å nå mål
Den digitale teknologien endrar samfunnet radikalt, og digitaliseringa er gjennomgripande i kvardagsliv, utdanning og yrkesliv. Digitalisering skal gi innbyggarane i Vestland effektive og sikre tenester, dei skal kunne delta i samfunnsliv, skal kunne meistre kvardagen og kunne bu trygt og lengst mogleg heime støtta av velfungerande tenester i byar og lokalsamfunn
- Regionalutvikling og digitalisering heng saman, og digitalisering er ein føresetnad for å nå mål sett i Vestland fylkeskommune, og den regionale partnarskapen sine planar, seier Askeland. Saman skal vi utvikle eit meir inkluderande og aldersvenleg samfunn, og vi skal saman legge til rette for trygg oppvekst, utdanning og livslang læring, legg han til.
Temaplan for breiband og digitalisering i Vestland legg føringar for verkemiddel som blir forvalta i fylket og peiker på moglegheiter og utfordringar når det gjeld digitalisering på kort og lang sikt. Planen gjeld for åra 2023 til 2029.
Forvaltningsansvar for breibandutbygging
Som ein del av regionreforma i 2020 fekk Vestland fylkeskommune forvaltningsansvaret for offentleg støtte til breibandutbygging løyvd over statsbudsjettet, og eit overordna koordineringsansvar for regional kompetansepolitikk i fylket. Fylkeskommunen skal som regional samfunnsutviklar ta ansvar for ei heilskapleg og ønska utvikling i eige fylke.
Jobber for høg hastighet og full mobildekning
I fylkestinget sitt vedtak av temaplanen for breiband blir det vist direkte til fylkestinget sitt tidlegare vedtak frå desember 2022 som inneber at fylkeskommunen skal jobbe for at husstander i Vestland skal ha tilgang til breiband med høg hastigheit og til 100 prosent mobildekning.
Temaplanen for breiband og digitalisering for Vestland vert oversendt til departementa, KS og NHO som innspel til arbeidet med ny nasjonal digitaliseringsstrategi, som skal vere klar i 2024.
Vil du lese meir om temaplanen for breiband og digitalisering?
Då kan du lese saksframlegget. Klikk på denne lenka og gå inn på PS 48/2023.