Korleis skal Vestland sjå ut i 2040?
Ein tenketank med samfunnsaktørar frå heile fylket skal sjå inn i framtida i arbeidet med Vestland sin neste utviklingsplan. Kva blir dei store utfordringane, kva skal vi satse på, og korleis skal Vestland bli eit godt og berekraftig samfunn?
– Eg vil ha det utenkte om framtida på bordet! Verda og Vestland er i endring, kanskje meir enn på lenge, sa fylkesordførar Jon Askeland då han opna scenarioprosessen "Vestland 2040" 6. mars. 33 personar med ulik bakgrunn frå heile fylket var samla til framsynsverkstad for å freiste å sjå inn i framtida for fylket.
Tenk utanfor boksen
Til hausten startar arbeidet med den neste utviklingsplanen for Vestland, regional planstrategi 2024-2028, når det nye fylkestinget kjem på plass. Strategien blir førande for all kommunal og statleg planlegging i fylket, og no skal kunnskapsgrunnlaget lagast. I tre verkstadar i vår skal tenketanken sjå ulike moglege retningar for samfunnsutviklinga, gjennom framsynsbilde og scenariotenking.
– Eg ber dykk om å tenke utanfor boksen. Kva blir dei store samfunnsflokene, og kva gode moglegheiter får Vestland? sa fylkesordførar Jon Askeland.
– Klimaendringane vil treffe fylket hardt. Fråflytting og sentralisering fortsett, korleis skal balansen mellom distrikt og by vere? Utanforskap og psykisk helse vil krevje merksemd. Om vi kan bli einige om retninga kan heile regionen dra i lag, styrka samhandling er godt berekraftsarbeid i praksis.
I den nye arbeidsmetoden har fylkeskommunen med seg Jan Dietz som verkstadleiar, spesialist på scenarioprosessar, og By- og regionforskningsinstituttet-NIBR, Oslo Met.
Største utfordringa er å stå i lag
– Dette er kjempemoro, ein fascinerande arena. Og vi har klart å tenke nytt i dag, seier Stein Kvalsund, tenketankmedlem og viseadministrerande leiar i Hub for Ocean basert i Florø.
– Det er store utviklingsmoglegheiter i Vestland, og frå min ståstad er det alltid moglegheiter knytt til havet. Eg representerer ei klynge som vil satse på m.a. hydrogen og havvind, vi ser at verdikjeda vi har i dag ikkje ser slik ut om fem år.
Han meiner at den største utfordringa for at Vestland skal lukkast er å stå samla.
– Eg tenker vi må gjere nokre tøffe og prinsipielle val i utviklingsplanen, bli einige om kva vi skal satse på og kva resultat vi ynskjer å skape. Og da er god dialog med nabofylka i nord og sør er også naturleg.
Ta utanforskap og psykisk helse på alvor
Nooshin Zaery Loolani frå Bergen er mellom anna styremedlem i Vestland innvandrarråd og Mental Helse, og er glad for at det er bruk for hennar erfaring og kompetanse i gruppa.
– Om målet er samhold og å dra i same retning er det avgjerande å inkludere! For å bidra kan ein ikkje stå utanfor, seier ho. Loolani ser at utanforskap og psykisk helse ikkje berre er ei utfordring i eit innvandrar- og minoritetsperspektiv, det gjeld heile Vestlandssamfunnet.
– Særleg for ungdomen er det viktig at psykisk helse blir ein del av kvardagspraten, også i skule og i arbeidsliv, og at det blir ivaretatt i planar og strategiar. Eg brenn for dette, det er ungdomen som skal drifte og utvikle fylket vi er så glade i framover, seier ho.
Spennande resultat
Resultatet av framsynsverkstadane skal samlast i ein utfordrings- og moglegheitsrapport, eit viktig bidrag til kunnskapsgrunnlaget for den neste utviklingsplanen. Her blir det også ein folkehelserapport og statistikk og utviklingstrekk for Vestland, som samla blir lagt fram for fylkestinget i juni.
– Kven skulle trudd i 2019 at vi fekk ein pandemi som mellom anna gav oss eit digitalt kompetanseløft og nye arbeidsmåtar, seier Askeland. – Men om nokon kan sjå inn i framtida og så er det denne gruppa her, med så mykje kompetanse og ulik bakgrunn frå Vestlandssamfunnet. Eg gler meg veldig til å sjå kva dei kjem fram til!