Fornya tillit til Jon Askeland som fylkesordførar

– Eg er djupt takknemleg for tilliten eg har fått, seier fylkesordførar Jon Askeland. Han skal halde fram som fylkesordførar i nye fire år. Stian Davies frå Arbeidarpartiet blir ny fylkesvaraordførar.

To personar med blomster
SKAL STYRE FYLKET: Fylkesordførar Jon Askeland (t.h.) og fylkesvaraordførar Stian Davies skal styre fylket dei komande fire åra. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Onsdag ettermiddag, 13. september, vart avtalen om vidare samarbeid mellom dei seks partia som har styrt fylkeskommunen dei siste fire åra, underskriven. Dei seks partia er Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne.

Blomsteroverrekking.
Arbeids- og inkluderingsminister og leiar av Vestland Arbeidarparti, Marte Mjøs Persen, gratulerer Jon Askeland med fylkesordførarvervet.

Takk til veljarane

– Eg vil takke veljarane for fornya tillit. Vi er samde om å vidareføre politikken vår og gje tryggheit for veljarane og innbyggarane våre i krevjande tider. Vi skal vere eit stabilt forvaltingsnivå som skal vere forutsigbart også i dei komande fire åra, seier fylkesordføraren.

Askeland nemnde to dimensjonar i den nye samarbeidsavtalen som er viktige for Senterpartiet.

– Den lokale dimensjonen er å bruke fylkeskommunen aktivt som eit verkemiddel for vekst og vekstkraft i lokalsamfunn over heile fylket. Vi skal ikkje oppføre oss som ein overkommune. Tvert imot skal vi vere ein medspelar til utvikling og vekst for kommunar, kulturliv og arbeidsliv lokalt. Vi skal vere ein god og trygg medspelar og aktiv samfunnsutviklar for oss alle, seier fylkesordføraren.

Seks personar ved sidan av kvarandre.
Seks parti skal halde fram samarbeidet om å styre Vestland fylkeskommune dei neste fire åra: Stian Davies (Ap) f.v., Marthe Hammer (SV), Jon Askeland (Sp), Åsta Årøen (V), Trude Brosvik (KrF) og Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Skal koordinere kreftene

Den andre dimensjonen går på det regionale.

– Vi skal bruke fylkeskommunen som regional utviklingsaktør som samlar og set retning og koordinerer kreftene i landets viktigaste eksportfylke og vareproduserande fylke. Vi skal ivareta fylket sine interesser som talerøyr og interesseaktør og ha trygg, offensiv og framtidsretta styring vidare, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Tre personar
Stian Davies, Arbeidarpartiet, er påtroppande fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune.

Bygge vidare på suksessen

Påtroppande fylkesvaraordførar Stian Davies takka for det gode samarbeidet gjennom dei første fire åra i Vestland fylkeskommune.

For oss er det veldig viktig å bygge vidare på suksessen som fylkeskommunen er. Vi satsar på skule, kultur og frivilligheit og at vi skal utvikle både store og små kommunar. Dette opplever vi at vi har lukkast med. Det har vore stor tillit mellom partia. Vi har felles mål om ei grønare og meir rettferdig retning. Det er viktig med offentlege vidaregåande skular og å styrke yrkesfaga. Vi satsar framleis på god psykisk helse for elevane og gratis skulefrukost. Eg gler meg til det vidare samarbeidet, seier Stian Davies.

Tre personar
– Vi skal sikre det viktigaste prosjektet for utbygging av Bergen: Bybanen vidare til Åsane, seier Marthe Hammer, SV.

Bybanen viktig

Målet til Marthe Hammer og Sosialistisk Venstreparti er å halde høgresida unna makta i Vestland.

– Det har vi fått til. Vi gjekk inn i denne breie regnbogekoalisjonen for fire år sidan fordi vi er samde om å sikre det viktigaste prosjektet for utbygging av Bergen: Bybanen vidare til Åsane. Vi skal framleis styrke vidaregåande skule, og vi held på med tannhelsreforma på Stortinget. Vi sit på rattet for å innføre den. Fylkeskommunen har ansvar for tannhelsetenesta, og vi gler oss til endringane som kjem med den, seier Marthe Hammer.

Tre personar.
Trude Brosvik, Kristeleg Folkeparti, ønskjer godt samarbeid i heile fylkestinget for å få til gode løysingar.

Godt samarbeid

Trude Brosvik i Kristeleg Folkeparti seier at dei seks partia har hatt eit veldig godt samarbeid i desse fire åra.

– Klima, miljø og Bybanen har vore viktige for oss. Vi satsar på ungdom og vidaregåande skular. Det er viktig å hindre utanforskap og fråfall i skulen. I samarbeidsavtalen har vi fått med eit punkt om spesialundervising som skal halde fram utan opphald frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Vi har fått ei formulering som sikrar dei ideelle friskulane og at dei skal få utvide tilboda sine. Dette er den store sigeren utanom klima og miljø, seier Trude Brosvik. som ønskjer godt samarbeid i heile fylkestinget for å få til gode løysingar.

Tre personar
– Vi er garantist for vidare utbygging av Bybanen til Åsane, seier Åsta Årøen, Venstre.

Skal gå vidare i grøn retning

Åsta Årøen er ny toppkandidat for Venstre i fylkestinget.

Vi skal ta fylket med vidare i ei grøn retning. Vi har fått gjennomslag for miljø, natur og kollektivtrafikk. Vi skal få meir og billegare kollektivtransport, og vi skal auke tempoet i grøn omstilling mot nullslepp i 2030. Høgre har sådd alvorleg tvil om Bybanen. Vi kan samarbeide om Bybanen og vere garantist for vidare utbygging av den. Produksjonsskulane er viktig vidare for å hindre utanforskap og for å få elevane gjennom skulen på ein god måte, seier Åsta Årøen.

Tre personar
– Vi er glade for å halde fram arbeidet i det grønaste fylket i landet, seier Nils-Anders Nøttseter i Miljøpartiet Dei Grøne.

Sterk partnar for kommunane

Nils-Anders Nøttseter er ny toppkandidat for Miljøpartiet dei Grøne.

Vi har hatt gode forhandlingar og sterk vilje for å få dette til. Vi er glade for å halde fram arbeidet i det grønaste fylket i landet. Ambisjonen vår er å løfte fylket vidare. Vi skal setje større avtrykk på naturpolitikken. Vi skal vere ein sterk partnar for kommunane. Vi skal bidra med kompetanse innan klimakutt og naturforvalting. Mangfald og deltaking er viktig for oss, seier Nils-Anders Nøttseter.

Det nye fylkestinget i Vestland skal konstituere seg 17. og 18. oktober.