Fleire eldre og større sosial helseulikskap i Vestland
Den nye folkehelseoversikta for fylket viser fire store folkehelseutfordringar framover. – Også sosial berekraft er viktig for å få den samfunnsutviklinga vi ønsker i Vestland, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef i Vestland fylkeskommune.
– Vi veit til dømes at auka grad av sosial ulikskap i helse har store verknader både for enkeltindividet og for heile samfunnet, seier Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og analyse i Vestland.
– Folkehelseoversikta viser at vi må prioritere sosial berekraft like høgt som miljømessig og økonomisk berekraft i samfunnsutviklinga framover.
Fra klima til psykisk helse og livskvalitet
Folkehelseoversikta viser helsetilstanden til befolkninga i Vestland, og blir laga kvart fjerde år. Folkehelseoversikt for Vestland 2023-2027 peiker ut fire hovudutfordringar for folkehelsa: sosial ulikskap i helse, ein befolkningssamansetnad i endring, klimaendringar og psykisk helse og livskvalitet.
– Funna er ikkje spesielt overraskande, men no har vi fått dei stadfesta. Folkehelseoversikta er viktig i arbeidet til både kommunane og fylkeskommunen for å fremje innbyggarane si helse i samfunnsutviklinga, seier Stalheim.
Den omfattande oversikta har fakta om det meste av det som påverkar helsa vår, som biologisk miljø, luftkvalitet, skadar og ulukker, oppvekstkår og meir, og viser også korleis vi ligg an i høve resten av landet.
Sosial ulikskap i helse største utfordringa
Grunnlaget for oversikta er ei folkehelseundersøking i fylket i 2022 og informasjon frå statlege helsemyndigheiter, kunnskap frå kommunane og tannhelsetenesta og andre delar av fylkeskommunen.
Sosial ulikskap i helse viser seg å vere den største folkehelseutfordringa i åra framover. Dårlegare helse hjå nokre blir eit rettferdsproblem i samfunnet. Det kan hindre eit produktiv og sosialt deltakande liv, redusere sysselsettinga og gi auka offentlege utgifter står det i oversikta. Årsakene er mange, som til dømes utdanning, oppveksttilhøve, inntekt og arv.
– Utjamning av denne utfordringa krev breie samfunnstiltak som bidreg best til dei som treng det mest, seier Stalheim.
Fleire eldre og klimaomstilling gir moglegheiter
I 21 av Vestland sine 43 kommunar er det allereie i dag fleire eldre enn barn og unge, men dette er ikkje berre negativt. Oversikta peiker på eit stort potensiale med fleire ressurssterke eldre som bidreg aktivt til samfunnet når den omtalar endringane i befolkningssamansetnaden. Men endringane kan føre til færre i yrkesaktiv alder og auka offentlege utgifter.
At klimaet er i endring er ei kjent sak, men endringane krev og merksemd i folkehelsearbeidet. Auke av ekstrem nedbør, flaum, skred, stormflo og tørke er noko av det Vestland vil oppleve og som kan påverke folkehelsa. Klimaomstillinga medfører omfattande tiltak som kan gje folk eit betre liv, men det er viktig å vere merksame på korleis omstillinga påverkar folkehelsa, både fysisk, psykisk og sosialt, står det i oversikta.
Folkehelseoversikta er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for utviklingsplan for Vestland 2024-2028, den overordna samfunnsutviklingsplanen for fylket. Arbeidet med denne tek til med det nye fylkestinget i desember.