Ein heilt fantastisk ny skule på Askøy
– Vi har fått ein heilt ny fantastisk skule. Det er lekkert her, seier rektor Oddvar Skråmestø ved den nye Askøy vidaregåande skule. 17. august tok han imot elevane i den nye skulebygningen.
– Vi har mellom 500 og 600 elevar, men elevtalet vil auke gradvis framover. Eg trur vi vil få ein auke i søkinga med den nye skulen. Vi har fått det så fint her, seier rektor Skråmestø.
Auka areal og fleire elevar
Den nye skulen ligg på Myrane, rett nord for Kleppestø, vegg-i-vegg med den gamle skulen, som skal rehabiliterast og bli ein del av den nye. Det arbeidet skal vere ferdig til skulestart om eitt år. Då vil det samla skulearealet auke frå om lag 10 000 til 18 500 kvadratmeter, og elevtalet kan auke med rundt 400 til 970, som er maksimal kapasitet.
Tre av elevane som hadde første skuledagen i den nye skulen, var Julie Drange, June Øvreeide og Ingvild Andreassen. Dei går på vg1 teknologi- og industrifag (TIF), ei linje som er blitt populær blant jentene.
– Det er blitt ein mykje finare skule enn den gamle. Her er det meir luft, og vi har store plassar å jobbe på, seier dei tre elevane.
Likar å skru
Teknologi- og industrifag var eit klart førsteval for jentene.
– Eg søkte TIF fordi det er spennande. Eg likar å skru og har sykkel som eg må skru på, seier Julie Drange.
– Eg likar å skru og gjere praktisk arbeid, seier June Øvreeide.
– Eg likar også å skru. Eg har mellom anna bygd ein terrasse, seier Ingvild Andreassen.
Framtidsplanane klare
Og alle tre har framtidsplanane klare. Etter to år på Askøy vidaregåande skule, skal dei to år ut i lære, og så er det jobb.
– Eg vil bli flymekanikar eller jobbe innan industriell produksjon, seier Julie Drange.
– Eg vil jobbe innan oljebransjen, seier June Øvreeide.
– Eg vil jobbe i prosessindustrien i Nordsjøen, seier Ingvild Andreassen.
Ein draum
Knut Skyberg er kontaktlærar på teknologifag- og industrifag
– Den nye skulen er ein draum. Alt er nytt. Vi har gode haller, garderobar og fasilitetar. Det er lyse og trivelege lokale. Vi gler oss til å komme i gang. Vi er opptatt av å ha eit godt miljø for elevar og lærarar. Vi ser at fleire og fleire jenter søker faget. No har vi ni jenter her. Dei er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden og får lett læreplass. Alle på TIF hos oss, som vil, får læreplass, seier Skyberg.
Fine fargar og avstemte møblar
Axel Hansen og Åse Stensland er to av avdelingslærarane på den nye skulen.
– Det er blitt ein fantastisk flott skule. Vi har fått fine fargar på veggane som er avstemt med fargane på møblane. Der vi har blå veggar, er møblane blå, og der vi har grøne veggar, er møblane grøne. Alt er blitt så fint. Det meste er ferdig, men det gjenstår ein del småting som må på plass, seier avdelingslærarane.
Drift av kantina er ikkje på plass.
– Vi har fått den flottaste og mest moderne kantine og kjøkken, men ingen vil drive den. Det er lyst ut på anbod, og vi har håp om å få den i drift i løpet av hausten. Vi ser fram til varm mat og pasta. Vi har ikkje hatt kantine på to år, seier Axel Hansen og Åse Stensland.
Namn og ikkje nummer
Alle bygningar, møterom, verkstader og klasserom har fått eigne namn. Mellom anna heiter eitt av klasseromma «Kim Friele». Assisterande rektor Berit Karin Øydvin Nilssen seier det er viktig for skulen at elevane skal vite kven ho var og kva betydning ho hadde.
– Den nye skulen er bygd for å vere open og tilgjengeleg. Vi vil vere ein inkluderande skule og bygge på tillit. Det blir spennande når elevane kjem, og vi ser korleis dei tar skulen i bruk og finn fram til Kim Frieles klasserom
Norrøn mytologi og kjende personar
Assisterande rektor er svært nøgd med den nye skulen.
– Vi har sett fram til dette. Dette gir nye muligheter. Vi får felles areal og felles sosiale soner. Det som foregår mellom faga er også viktig, som kontakten og vennskapet mellom elevane, seier assisterande rektor Berit Karin Øydvin Nilssen.
Den nye hovudbygningen, som ligg mellom gamleskulen og verkstadhallen, har fått namnet Midgard. Norrøne namn er brukt. Verkstadføyen er blitt til Jotunheimen, kantina til Eldrime, og den gamleskulen er Breidablikk, huset til Balder. Det store treet i norrøn mytologi, Yggdrasil, er namnet på uteområdet. Treet var ein ask, og det er planta tre i dette uteområdet.
Andre namn som er brukt på klasserom er kjente personar som Charles Darwin, Stein Rokkan, Nicolaus Copernicus, Christian Michelsen og Isaac Newton. Møteromma har fått namn etter fjell på Askøy, som Dronningen og Kolbeinsvarden.
Midtpunktet på Askøy
I dei seks åra Oddvar Skråmestø har vore rektor, har han jobba for den nye skulen.
– Eg har vore med heilt frå starten. No har vi fått det heilt fantastisk fint. Vi ser fram til at den gamle skulen skal bli rehabilitert. Om eitt år får vi ein heilt komplett skule. Når vi fyller skulen med elevar, blir det ein heilt annan bygning.
Den nye skulen blir eit midtpunkt på Askøy. Ikkje berre ny skule, men også ein kultursal og idrettshall blir ein del av det nye tilbodet.
Veldig godt samarbeid
– Vi har eit veldig godt samarbeid med Askøy kommune om dette. Dei betalar 23 millionar kroner som sin del til kultursalen og skal bygge idrettshall på tomta der vi hadde den gamle verkstadbygningen. Kulturdelen står ferdig til 20. januar neste år, mens idrettshallen blir ferdig i 2026.
Rektor er svært nøgd med plasseringa.
– Idrettshallen og skulen blir nære naboar. Vi skal bli leigetakar der når den er ferdig. Eg drøymer om at vi då skal få idrettslinje. Idrettshallen skal få to symjebasseng, to handballbaner og klatrevegg. Kantina vår kan drive vekselarbeid mellom skulen, kulturdelen og idrettshallen. Vi er ein av Askøy kommune sine beste venner, seier rektor Oddvar Skråmestø.
Fem utdanningsprogram
Den nye skulen har fem utdanningsprogram: Bygg og anlegg, elektrofag, helse og oppvekst, teknologi- og industrifag, og studiespesialisering. I tillegg har skulen tilbod for tilrettelagt opplæring, ein internasjonal klasse (vg2) i elektrofag i Tyskland, og ein klasse på studiespesialisering (vg2) i Tyskland.