Vil starte førebuing for Bybanen til Åsane
– Vi skal bygge bybane til Åsane og må førebu oss, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet i dag har vedteke å løyve 29 millionar kroner til formålet.
– Vestland fylkeskommune ønskjer ikkje å skape usikkerheit om at Bybanen skal til Åsane. For oss er det også viktig å halde framdrift i utbygginga for å sikre Bybanen til ein viktig bydel. Vi har ein kompetent organisasjon i Bybanen utbygging. Det er viktig å behalde denne kompetansen for å sikre at vi har kapasitet og kunnskap til å gjennomføre det som blir eit komplisert og krevjande byggetrinn, seier fylkesordføraren.
Redusere risiko
Dei løyvde pengane skal gå til arbeid som må til for å planlegge og bidra til å redusere risiko for traseen til Åsane.
– Skulle vi vente til den endelege finansieringa er på plass, kan vi risikere ei utsetting på to til fire år. Det er mykje som skal falle på plass for å starte utbygginga, men vi vurderer at det er fornuftig å starte førebuande arbeid no, seier fylkesordføraren.
Vil vere i rute til byggestart
Arbeidet med Bybanen til Fyllingsdalen er no i sluttfasen og skal opne for ordinær drift måndag 21. november. Bybanen utbygging vil difor starte førebuinga av utbygginga til Åsane. Reguleringsplanen for bybanetraseen blir lagt ut på høyring av Bergen kommune. Den er venta vedtatt før sommaren neste år.
– Viss endeleg finansiering fell på plass, trur vi det kan vere mogleg å starte utbygginga i 2024, seier fylkesordførar Jon Askeland.
13 kilometer lang
Bybanen til Åsane blir om lag 13 kilometer lang mellom Bergen sentrum og Vågsbotn. Banen skal gå delvis i tunnel og får 14 haldeplassar. På strekninga mellom Sandviken og Eidsvåg blir E-39 flytta inn i forlenga Fløyfjellstunnel for å gje plass til bybane, lokalveg og sykkel på dagens E39.