Berekraftig og sunn mat i elevkantinane

– Vi ønskjer å tilby elevane sunn og berekraftig mat med meir fisk på menyen, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget har vedteke å vidareføre eit pilotprosjekt som stimulerer til auka bruk av sjømat i kantinane i dei vidaregåande skulane.

Kantine Olsvikåsen videregående skole
PILOTPROSJEKT: Fem kantinar i vidaregåande skule i Vestland har gjennomført pilotprosjekt med sunnare mat. No blir fem nye skular med. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Dei siste to åra har Vestland fylkeskommune gjennomført to pilotprosjekt i fem skular om auka bruk av sjømat, økologisk, kortreist og berekraftig mat. Deltakarar har vore Stryn, Voss, Olsvikåsen, Hafstad og Sogndal vidaregåande skular. No kan alle skular melde seg til å få tilbod om rettleiing om kva som skal til for å få meir sunne og berekraftige kantinar. Fem skular får tilbod om rettleiing i første runde.

Meir frukt og grønt

– Vi vil vidareføre pilotprosjekta for to nye år. Generelt har bruken av fisk har gått opp, kjøtbruken har gått ned, og vi har fått meir frukt og grønt, og betre salatbarar med korn og belgvekstar. No skal alle vidaregåande skular få invitasjon til å delta, seier fylkesordføraren.

Prosjektet er eit samarbeid med den ideelle organisasjonen Matvalget som er ei rettleiingsteneste for offentlege og private verksemder som vil tilby servering av berekraftige måltid.

– I første omgang vil fem vidaregåande skular få tilbod om rettleiing frå Matvalget som pilotskular for 2022. Kantinane skal formidle erfaringane seg imellom og få praktisk rettleiing i berekraftige måltid. Målet er å utvikle eit mat- og måltidstilbod som tek omsyn til folkehelse og berekraft, men også å tilby rimeleg kvardagsmat til elevar og tilsette, seier fylkesordføraren.

I vedtaket ønskjer fylkestinget at skulekantinene skal prioritere norsk frukt og grønt i norsk sesong.

Fiskesprell

Vestland fylkeskommune er med i det nasjonale kosthaldsprogrammet «fiskesprell» som skal få barn og unge til å ete meir sjømat. Over mange år har fylkeskommunen gjennomført kurs i barnehagar og SFO, samt kurs for elevar på barne- og ungdomsarbeidarfag i vidaregåande opplæring. Dei to siste åra er fiskesprell utvida til kantinane i vidaregåande skule der rettar som til døme fisketaco, fiskewraps, fiskeburgar og fiskesuppe er servert.

– Vi har starta arbeidet med å inngå nye rammeavtalar for innkjøp av mat og drikke basert på erfaringane frå pilotprosjektet. Nye rammeavtalar må innrettast slik at kantinene kan gjera innkjøp lokalt der dette er formålstenleg, seier Askeland.

Skal dele erfaringar

Fylkeskommunen har også gjennomført samling for alle kantinetilsette ved dei vidaregåande skulane.

– Å legge til rette for å dele erfaringar og løysingar vil vere viktig framover. Kantina er ein del av skulen og kan bidra til folkehelse, livsmeistring og berekraft i praksis gjennom å tilby elevane sunne og gode måltid som bidrar til å bygge fellesskapsfølelse og trivsel. Kantina gir pausar i kvardagen, og måltidet handlar om meir enn å bli mett, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Relatert sak:

Klimamagasinet den grøne leiartrøya – Klimavenlege tiltak for ei grøn skuleframtid