Får klima- og miljøprisen 2022 for arbeid med vassmiljøet
Klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune er i år todelt og går til Osvassdragets forvaltningslag i Bjørnafjorden kommune og Mjåtveitelvas foreining i Alver kommune.
– Vi ønskjer å anerkjenne den viktige innsatsen og det langsiktige arbeidet for miljøutfordringa. Desse to organisasjonane viser eit engasjement for nærmiljøet sitt ved å ta vare på og drive skjøtsel i lokale vassdrag. Dette er særs viktig både for arbeidet med vassmiljøet og også for å nå internasjonale, nasjonale og regionale klima- og miljømål, sa Marthe Hammer då ho las opp grunngjevinga for tildelingane.
Hammer leiar innstillingsnemnda for klima- og miljøprisen. Prisane vart delte ut av fylkesordførar Jon Askeland på fylkestinget i Rosendal 21. juni. Representantar frå Mjåtveitelvas foreining deltok på utdelinga, medan representantar frå Osvassdragets forvaltningslag deltok med ei videohelsing. Kvar av prisvinnarane får 35 000 kr.
Mange gode lagspelarar
Vestland har høge klima- og miljøambisjonar, men både utviklingsplanen og vassforvaltningsplanen for 2022–27 syner at ikkje alle vassførekomstar har god nok miljøtilstand. For å lukkast med ei klimaomstilling trengst eit breitt spekter av tiltak og prosjekt. Det er viktig med enkeltpersonar som bidreg og engasjerer i kvardagen, i samspel med store offentlege og private aktørar som går føre og gjennomfører større prosjekt.
– Det kom inn mange gode nominasjonar i år, og det er tydeleg at vi har mange lagspelarar i klima- og miljøvernarbeidet i Vestland. Dei to vinnarane representerer det gode arbeidet og den lokale innsatsen i vassdrag i Vestland. Vi vil heidre lokal innsats, og i tillegg støtte og inspirere til lokalt engasjement i nærmiljøa andre stadar i fylket, sa Hammer.
Anerkjenning til stor dugnadsgjeng
Osvassdragets forvaltningslag har bidrege i arbeidet med å sikre artsmangfaldet og bestandane av dei ulike artane i Osvassdraget. Det har dei gjort gjennom eigen innsats og gjennom samarbeid med grunneigarar, forvaltning, forskingsinstitusjonar og lokalbefolkning.
– Det er ei stor ære å få denne prisen. Vi har lagt ned eit utal timar på frivilligheit eller dugnad om du vil. Vi er svært glade i vassdraget vårt, og ein stor dugnadsgjeng legg ned mykje arbeid. Denne prisen er ei anerkjenning til kvar enkelt som bidreg. Vi fiskar ut oppdrettslaks kvar haust, vi har uttaksfiske av gjedde, vi ryddar i gytebekkar og legg ut gytegrus. Vi har jamlege teljingar av ungfisk, videoovervaking og merking av utgåande smolt. Og dette er berre noko av det vi gjer for vassdraget vårt, seier Roald Berge Helle, formann i Osvassdragets forvaltningslag.
Motivasjonsløft og tankevekkar
Mjåtveitelvas foreining arbeider aktivt og praktisk for å ta vare på elveperlemuslingar og biologisk mangfald i Mjåtveitelva. Dei arrangerer skjøtselsarbeid i og langs elva og arrangerer kurs og omvisingar.
– Vi set ekstremt stor pris på moglegheitene vi no har etter å ha fått denne prisen! Det er eit motivasjonsløft som gir oss krefter til å halde fram det knallharde arbeidet som foreininga har lagt ned i så mange år. Vi trur og håpar at det også kan vere ein tankevekkar for mange. Vi vil gje gode døme for kva som er mogleg å få til, sjølv med frivillig dugnadsarbeid. Prisen og arbeidet som ligg bak påverkar nok fleire menneske enn vi trur. Vi håper arbeidet foreininga har gjort kan inspirere andre til å ta eit tak for naturen, klimaet og miljøet, seier Martin Jacobsen, formann i Mjåtveitelvas foreining.
Osvassdragets forvaltningslag
Osvassdragets forvaltningslag har teke ein leiande posisjon i arbeidet med å forvalte vassdraget og tek initiativ til eigne forvaltningsprosjekt. Dei bidreg òg sterkt med kompetanse og arbeidsinnsats inn mot prosjekt i regi av lokale styresmakter. Artar som elvemusling, laks og sjøaure, i tillegg til ål er på raudlista og treng særskilt merksemd. Forvaltningslaget arbeider kontinuerleg slik at vassdirektivet sine delmål om god økologisk tilstand blir nådde.
Tala på fisk som går opp i elva for å gyte og talet på smolt som vandrar ut har auka i takt med arbeidet til forvaltningslaget. Det er dokumentert stigande tal på sjøaure gytande i dei nye opparbeida gytelokalitetane i elva. Forvaltningslaget arbeidar også for å ta ut oppdrettslaks og bos frå elva.
Mjåtveitelvas foreining
Mjåtveitelvas foreining har gjennom sin mangeårige innsats arbeidd hardt og målretta for å ta vare på elvemuslingen i Mjåtveitelva i Alver kommune. Gjennom presseoppslag og sosiale medium har dei informert om kor viktig det er å ta vare på artsmangfaldet og det levande naturmiljøet. Dei har kjempa gjennom mange år mot aktivitetar som kan øydeleggja for det biologiske mangfaldet i og langs vassdraget til Mjåtveitelva.
Dei har fått med seg skular, born, ungdommar og eldre, og gjennom bruk av fridykkarar, forskarar, forvaltarar og politikarar har dei fått til ein stor interesse for dette arbeidet.