Den første frivilligprisen går til berekraftig friluftsliv for barn

– Dette er heilt fantastisk, seier Linn Solberg. Ho er ein av turleiarane i Turboklubben i Bergen og Hordaland Turlag som er tildelt den første frivilligprisen i Vestland fylkeskommune.

Turboklubben
TURBOKLUBB: Den første frivilligprisen til Vestland fylkeskommune går til Turboklubbene i Bergen og Hordaland Turlag. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

16 fritidsklubbar i 16 lokalmiljø i fylket er med i Turboklubben som tilbyr berekraftig friluftsliv for barn. Leiar av hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Stian Davies, delte ut prisen på 50 000 kroner under fylkeskulturkonferansen på Hotel Norge i Bergen 16. november. Den er ei viktig markering av at 2022 er Frivilligheitas år. Gjennom prisen vil Vestland fylkeskommune heidre ein initiativrik person, organisasjon eller foreining som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska i Vestland.

Gjer tilbodet meir kjent

– Prisen kan vere med på å gjere det flotte tilbodet vårt meir kjent og kan inspirere til enno fleire turboklubbar i heile fylket, seier Solberg. 

Aktivitetane til Turboklubben er veldig varierte og passer for alle.

– Vi har alltid kveldsmaten med og lager ofte bål. Elles er vi utandørs i nærmiljøet der vi leiker og har det kjekt i lag. Ofte tilpassar vi aktiviteten etter ver og sesong. Det kan vere alt frå bading og padlebrett til bygging av barkebåt og hengekøyeturar. Lista er uendeleg. Det er berre fantasien som set grenser. Det viktigaste er at aktivitetane skal vere enkle og naturvennlege og føregå i nærmiljøet. Turboklubbane er berekraftig friluftsliv, seier Linn Solberg.

barn ute i natur
Barna har det kjekt på tur med Turboklubben i Alvøen og Kanadaskogen. Foto: Ingrid Kristine Opheim Grønfur/Vestland fylkeskommune

Låg terskel

Juryen for prisen har lagt merke til at prisvinnaren, sidan starten i 2015, har ekspandert raskt til 16 lokalmiljø i fylket.

– Det er låg terskel for å bli med. Vi har eit gratis tilbod om utandørs aktivitetar for både små og store. Gjennom aktivitetane får deltakarane utfordringar på fleire nivå, noko som gjev deltakarane glede og meistringskjensle, sa Davies under prisutdelinga.

barn ute i natur
Barn på tur med Turboklubben i Alvøen og Kandaskogen med medbrakt hengekøye. Foto: Ingrid Kristine Opheim Grønfur/Vestland fylkeskommune

Inkluderande

Aktivitetane i Turboklubben er inkluderande og berekraftige, med kort eller ingen reiseveg for å bli med. Dei 16 fritidsklubbane er også arena for nettverksbygging i lokalmiljøa, der læring om norsk kultur knytt til natur og ferdsel i skog og mark står i sentrum.

– Prisvinnaren er å rekne som små friluftsklubbar i nærmiljøet der enkelt friluftsliv står sentralt. Frivillige foreldre og kompetente leiarar tar ansvar for aktivitetane året rundt, i all slags vêr. Målet er å lære barn enkelt og naturvenleg friluftsliv ved å vere ute saman, leike, oppleve, undre, utforske og lære om naturen. Her går natur, kultur og helse hand i hand, utan krav til utstyr eller økonomi, sa Stian Davies.

prisutdeling
Stian Daveis (t.h.), leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering delte ut Frivilligprisen til vaksne og barn i Turboklubben i Bergen og Hordaland turlag. Prisen er 50 000 kroner og eit bilete av Sveinung Iversen. Linn Solberg (t.v.) er turleiar i dei to turboklubbane i Alvøen og Kanadaskogen. Andre Marton Pedersen (i raudt) i Lysefjorden turboklubb var initiativtakar turboklubbane. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sosial arena

Linn Solberg har to barn på fire og åtte år som er med på aktvitetane.

– Eg er med både i Kanadaskogen og Alvøen sin Turboklubb. Her bidreg eg som turleiar og er med på å planlegge aktivitetane. Vi har med mellom 15 og 20 barn på hver turboklubb, og desse kjem saman med foreldre. Turboklubbane er også blitt ein sosial arena for dei vaksne, seier Linn Solberg. 

Start i Lysefjorden

Andre Marton Pedersen i Lysefjorden turboklubb tok iniativet til å starte turboklubbane.

– Namnet turboklubb tok vi frå Odal, men vi har utvikla konseptet. Lysefjorden var den første turboklubben. No spreier konseptet seg til heile landet. Det er blitt 60 klubbar og endå fleire skal det bli, seier Pedersen.