13 kommunar får 8,4 millionar til berekraftig samfunnsutvikling
Stad kommune var ein av 13 kommunar i Vestland som fekk tilskot til berekraftig samfunnsutvikling i 2022. No blir det urbant landbruk i Nordfjordeid sentrum.
Vestland fylkeskommune er ferdig med behandling og fordeling av tilskot til berekraftig samfunnsutvikling 2022. Til saman blir 8,4 millionar kroner fordelt på 15 prosjekt i 13 ulike kommunar.
– Tilskotsordninga skal brukast til by- og stadutvikling, sosial utjamning av helseskilnader, og til å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivst og kjenner tilhøyrsle. Tilskotet skal også stimulere til aktive liv, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og folkehelse.
Nedst i saka finn du ei oversikt over alle som har fått støtte i år.
Urbant landbruk
I prosjektet «Urbant landbruk i Stad» skal dei bygge eit drivhus og etablere ein kjøkkenhage i sentrum av Nordfjordeid. Målet er å skape ein møteplass og integreringsarena som engasjerer innbyggjarane i Stad til å dyrke eigne grønsaker. Prosjektet skal også brukast til å formidle kunnskap om kortreist mat og bevisstgjering av verdien som ligg i dei naturlege ressursane rundt oss.
– Visjonen vår er eit berekraftig og nyskapande Vestland. FN sine berekraftsmål står derfor sentralt i samfunnsutviklinga i fylket, og vi ønsker å støtte prosjekt som støttar opp om denne innsatsen, seier Stalheim.