Over ein million til kulturminne i Vestland
Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fordelt driftstilskot til nasjonale og regionale kulturminne. Fortidsminneforeningen Hordaland og Stiftinga Singerheimen får mest i denne runden.
Driftstilskotet skal stimulere til auka frivillig aktivitet for å ta vare på faste kulturminne, kulturmiljø og landskap av regional og nasjonal verdi. Det er også eit mål at kulturminna skal overførast til komande generasjonar.
Vedlikehald, bruk og engasjement
– Vi skal ta vare på kulturarven for framtida. Vedlikehald er sentralt, men også det å leggje til rette for bruk og engasjement hjå ulike brukargrupper. Fylkeskommunen ønskjer å stimulere til at alle som vil, skal ha sjansen til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljøet, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
I denne tildelingsrunden får Fortidsminneforeningen Hordaland mest med 230 000 kr, medan Stiftinga Singerheimen i Stryn får nest mest med 180 000 kr. Hovudutvalet prioriterte i møtet 17. februar dei som har fått driftstilskot tidlegare og difor har innarbeidd slikt tilskot i budsjetta sine og planleggingsarbeidet sitt.
Desse fekk driftstilskot
- Fortidsminneforeningen Hordaland 230 000 kr
- Stiftinga Singerheimen 180 000 kr
- Stiftelsen Espeland fangeleir og Gestapohuset Veiten 3: 176 068 kr
- Bullahuset (Bullaeigendomen) 175 000 kr
- Stiftelsen Fjeldberg prestegard 125 000 kr
- Fortidsminneforeningen i Sogn og Fjordane: 75 000 kr
- Norsk Jernbaneklubb 50 000 kr
- Nord- og Midhordland sogelag: 35 000 kr
- Stiftinga Ormelid gard 30 000 kr