Raudt nivå for vidaregåande skular i Bergen og nærkommunane

– Vi stenger ingen vidaregåande skular, men raudt nivå inneber at vi må ha større avstand enn vi har hatt til no. Det seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.

OPNE SKULAR: Elevar på yrkesfag vil bli prioritert, slik at dei får undervising i verkstadene.
OPNE SKULAR: Elevar på yrkesfag vil bli prioritert, slik at dei får undervising i verkstadene.

Raudt nivå grunna koronasmitta blir frå måndag innført i dei vidaregåande skulane i Bergen og nærkommunane. 

– Den auka smitten er årsaka til at vi gjer dette. Vi  følgjer dei nasjonale og lokale tiltaka. Det er ein nasjonal prioritet at skulane skal vere opne. Vi stenger difor ingen av skulane våre, men vi må ha større avstand mellom dei som er på skulane, seier Bjørn Lyngedal. 

Delt i mindre grupper

Det raude nivået inneber at elevane blir delt inn i mindre grupper, det skal vere minst ein avstand på ein meter mellom elever/tilsette i alle situasjonar, og dei må unngå trengsel og store samlingar. 

Det raude nivået medfører og at skulane skal vurdere alternerande oppmøtetider for elevane og eventuelt dele klassen opp over to klasserom.

Nokre elevar vil òg ha heimeskule, mens dei andre elevane vil vere på skulen. Her vil skulane bytte på det slik at alle elevar er jamleg på skulen for å oppretthalde kontakt med elevar og lærarar i ein krevjande tid. Elevar på yrkesfag vil bli prioritert, slik at dei får undervising i verkstadene

Lærarane skal prøve å sjå at det ikkje er trengsel i friminutt og fellesareal.

Skulane er trygge

Skulane i raudt område har planleggingsdag i morgon. Elevane vil få informasjon frå skulen sin om kva som gjeld frå måndag av.

– Slik eg ser det er skulane ein trygg stad å vere. Vi har enno ingen tilfelle der vi veit at elevar eller tilsette har blitt smitta på skulen. Smittevernet har vært godt tatt vare på og det  skal vi halde fram med, seier Bjørn Lyngedal. 

Vidaregåande skuler på raudt nivå i åtte kommunar

Det er Bergen og sju nærkommunar som reknast som ein felles bo- og arbeidsregion.  Det er kommunane Askøy, Alver, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden. I seks av desse kommunane har fylkeskommunen vidaregåande skuler, som frå måndag går til raudt nivå.

Det er:

  • Askøy kommune: Askøy vgs
  • Alver kommune: Knarvik vgs
  • Bergen kommune: Amalie Skram vgs, Arna vgs, Bergen Katedralskole, Fyllingsdalen vgs, Hyssingen produksjonsskole, Laksevåg og Bergen Maritime vgs, Langhaugen vgs, Nordahl Grieg vgs, Olsvikåsen vgs, Sandsli vgs, Slåtthaug vgs, Stend vgs, Tertnes vgs, Årstad vgs, Åsane vgs,
  • Bjørnafjorden kommune: Fusa vgs, Os gymnas, Os vgs
  • Osterøy kommune: Osterøy vgs
  • Øygarden kommune: Sotra vgs

Oppdatert 7. november: Følgande nye kommunar har bestemt å setje dei vidaregåande skulane i kommunen på rødt smittenivå får 9. november:

  • Stord kommune: Stord vgs
  • Bømlo kommune: Bømlo vgs og Rubbestadnes vgs
  • Fitjar kommune: Fitjar vgs

Skuleskyss

Skyss vil leggje ut informasjon om konsekvensane for skoleskyss på skyss.no.