– Ein kanonbra arbeidsplass
– Dette er ein kanonbra arbeidsplass, seier anleggsleiar Edvin Hesjedal i LAB entreprenør som har anvaret for riving av det tidlegare fylkeshuset i Bergen sentrum. I oktober vil det 50 meter høge huset vere jamna med jorda, og nytt fylkeshus skal gradvis reise seg.
I januar i år rykte Hesjedal og folka hans inn i fylkeshuset. Entreprenørselskapet LAB har fått totalentreprisen med riving og bygging av nytt fylkeshus.
Sperra området
– Det første vi gjorde var å sperre av anleggsområdet. Det skapte ein del reaksjonar hos folk som pleide gå forbi her. Vi måtte forklare at dei måtte gå andre vegar. Sjølve rivearbeidet starta vi med å ta vekk innmat, dører, golv, vindu og ytre fasade. Då heldt flyttefolka framleis på med å flytte ut møblar, ting og tang. Parallelt har vi rive og fjerna mellombygningen. Den er no vekke, og vi skal rydde ferdig og gjere det klart i kjellaren under, fortel Hesjedal.
250 i jobb på det meste
Anleggsleiaren likar seg svært godt på arbeidsplassen.
– Det er veldig kjekt å jobbe her. Eg har lært mykje. Vi er rundt 30 arbeidarar her for tida. På det meste vil vi ha 250 personar på jobb her, når innvendig tømrar og teknisk arbeid startar i det nye fylkehuset. Alt skal vere ferdig ved utgangen av 2022, seier Hesjedal som skal følgje arbeidet heile vegen.
I byrjinga av juli skal rivinga av sjølve betongen i høghuset starte.
– Vi skal plassere to robotgravemaskinar som skal fjerne taket og tygge og grave seg nedover fire etasjar. I slutten av august kjem ein kjempestor gravemaskin med ein 37 meter lang bom. Den skal tygge seg vidare nedover fra 11. etasje til bakken, fortel Hesjedal.
Betong til kortreist gjenbruk
I fylkeshuset er det totalt 21 000 tonn betong. Den skulle opprinneleg til Nederland for å bli vegfyll.
– No har vi i staden fått avtale om å bruke betongen lokalt her i Bergen. Den skal brukast til gang- og sykkelvegar og til støyvoll. Dette blir ein miljøgevinst, seier anleggsleiaren.
Dermed blir vidare bruk av dei store betongmassane i fylkeshuset kortreist. Det meste skal bli gang- og sykkelvegar rundt den planlagte utbygginga på Lagunetoppen der det skal kome 217 nye husvære. Resten av betongmassane skal bli støyvoll for husværa som er under bygging i Skiparvika der E39 går rett forbi.
Puddefjorden kom
Rivinga av fylkeshuset har gått som planlagt, men Puddefjorden ville og inn til fylkeshuset.
– Vi har hatt utfordringar med vatn. Då vi bora i fjellet under fylkeshuset for å lage feste, kom Puddefjorden rett inn. Det var til dels mykje sjøvatn, men vi var førebudde på dette og pumpa vatnet vekk. Det kjem framleis litt vatn inne, men ikkje mykje. Det har vi kontroll på, seier Hesjedal.
Då huset vart bygt tidleg på 1970-talet var anleggsarbeidarane ikkje førebudd på at Puddefjorden var så nær. Då vart heile kjellaren på eit tidspunkt full av sjøvatn, før det vart stoppa og pumpa vekk.
To tårn
Det nye fylkeshuset skal ha to tårn.
– Tårnet i sør skal bli like høgt som det gamle, 50 meter, med to etasjar under bakken som før. Tårnet i nord skal bli litt lågare, 44 meter. Rundt årsskiftet startar vi byggearbeidet. Vi skal først bygge trappehus med sjakt, eitt i kvart tårn. Vi bygger tårnet i nord først, så i sør. Dei får kvar sin framdrift, seier Hesjedal.
Bygging delt i tre
Hege Johansen i Vestland fylkeskommune er byggeleiar for nytt fylkehus.
– Vi har delt bygginga inn i tre delar. Først dei nedre etasjane, så tårnet i sør og så tårnet i nord. Planen er at alt skal vere klart til årsskiftet 2022/2023. Arbeidet har gått fint til no og er blitt utført på ein veldig god måte. Entreprenøren har takla alle utfordringar godt, seier Hege Johansen.
Fornuftig bygging
Anleggsleiar Edvin Hesjedal er økonom og meiner det er fornuftig å bygge nytt fylkeshus der det gamle stod.
– Dette blir eit løft for bydelen. Her er knutepunktet i Bergen sentrum, med Bybanen, Bergensbanen, busstasjon og motorveg. Aasegården er utvida og Wigandgården blir no rehabilitert. Og midt i dette kjem fylkesadministrasjonen i nytt fylkeshus med 1100 – 1200 arbeidsplassar, inkludert for utleie. Dette er ein svært god investering, meiner Edvin Hesjedal.
Planen er at 600-700 tilsette i fylkeskommunen skal få arbeidsplass i tårnet i sør, mens tårnet i nord skal bli for utleige.