Korleis samarbeide om kompetanse og arbeidskraft i usikre tider?

Kompetanseforum Vestland sitt årlege stormøte finn stad 26. september 2025. Sett av datoen!

På stormøtet treff du medlemmane i Kompetanseforum Vestland, medlemmane i dei regionale kompetanseforuma, kontaktpunkt for bransjane/sektorane, politikarar og andre som har ei rolle eller verkemiddel på feltet. 

Tema for stormøte i år blir mellom anna kompetansebehov i Forsvaret, inkludering og rekruttering av arbeidskraft og kritisk kompetanse for den grøne omstillinga i Vestland.

Stad: Hotel Terminus i Bergen,  vis-a-vis Bergen stasjon.

Førebels program for Stormøte Kompetanseforum Vestland 2025:

Korleis samarbeide om kompetanse og arbeidskraft i usikre tider?

Møteleiarar: Bård Sandal, direktør for næring plan og innovasjon og Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune

 09:00: Registrering   

10:00 Velkommen og opning av stormøtet v/direktør Bård Sandal og direktør Bjørn Lyngedal, Vestland fylkeskommune

10:15 «Kva veit vi om framtidas kompetansebehov?» v/Karin Hårstad                         Fonn,  sekretariatsleiar Kompetansebehovsutvalet

10:25 TEMA: Korleis handterer vi skiftande behov for kompetanse?

10:25 « Kva behov for kompetanse og arbeidskraft utløyser auka satsing på                 forsvar?” ved Oliver Berdal, sjef for Sjøforsvaret

10:40 «Kritisk kompetanse i nye sirkulære verdikjeder» ved Lene Borgen                     Waage, Vestland fylkeskommune

10:55                  Pause

11:05 Kompetansebehov for bedrifter og kommunar i nye tider

I Florø finn vi Noregs største forsyningsbase til olje- og gassindustrien, men også bedrifter i nye verdikjeder og innovative sirkulære løysingar. I denne bolken fortel bedrifter og den regionale inkubatoren om behov for kritisk kompetanse i ei tid med store endringar.

11:35  Panelsamtale: NHH, HVL, UiB,  Fagskulen Vestland, 
            Vestlandfylkeskommune , Sjøforsvaret, Hyds og Aksello
             Moderator: Tor Martin Misund, Vestland fylkeskommune

12:00-13:00: Lunsj

13:00 TEMA: Korleis sikre nok arbeidskraft?

13:00 «Kva veit vi om arbeidskraftreserven?»  ved Nikolai Park Foss, Vestland
            fylkeskommune

13:15 «Gjer meir av det som verkar – Inkludering i Vestland» ved Per Odd
           Grevsnes, Vestland fylkeskommune

13:25 Erfaringar frå Vestland:

  • Bergen kommune – Ingelin Sørås, administrasjonssjef
  • NAV - Erik Werner, EURES-Rådgjevar
  • Kompetansesenteret for Robotteknologi/Osterøy kommune-
    Vidar Tufteland Prosjektleiar

13:50                 Pause til 14:05

14: 05  «Rekruttering og stadutvikling» ved Tonje Bjerkan og Anders Lødemel,
              Nordfjordkompaniet  

14: 20  Panelsamtale: NAV, KS, LO, NHO, Vestland fylkeskommune
             Nordfjordkompaniet
Moderator: Tora Haslum Myklebust, dagleg leiar Region Sunnhordland

14:50:                Avslutning

   

 

Bilde frå stormøte i kompetanseforum 2024
Bilete frå stormøte i Kompetanseforum Vestland i 2024. (Foto: Vidar Alfarnes)

Tilbod på overnatting 

Vi tilbyr tilbod på overnatting 25.-26. september på Hotel Terminus:

Enkeltrom inklusive frokostbuffet: 1.206,- inkl. mva. per rom per døgn.
Dobbeltrom inklusive frokostbuffet: 1.467,- inkl. mva. per rom per døgn.

Overnatting i samband med samlinga skal gjerast i direkte kontakt med hotellet ved å sende e-post til resepsjon@grandterminus.no eller ved å ringe, telefon 55 21 25 00 - tasteval resepsjon. 

Ny frist for bestilling er 1. september 2025. 

Kompetanseforum Vestland er eit samarbeid i partnarskapen: