Karriererettleiing
Dei nasjonale måla for karriererettleiing til alle innbyggjarar handlar mellom anna om auka tilgang, høg kvalitet og profesjonalitet, og at det vert utvikla eit likeverdig tilbod til alle Norge. Dette er i tråd med dei regionale måla knytt til karriererettleiing i Vestland fylke.
Unge og vaksne i alle livsfasar må få eit likeverdig tilbod om karriererettleiing. Partnarskap for karriererettleiing i fylka skal bidra til å samordne informasjon og kunnskap hos alle rettleiingsaktørane i fylka slik at vegsøkarar får et heilskapleg rettleiingstilbod. Det er eit mål om utvikling i arbeidet med karriererettleiing i de ulike sektorane i fylket og ønske om auka samarbeid om og koordinering av karriererettleiing mellom de ulike aktørane. Dei fylkeskommunale karrieresentera, der dei er etablert, er viktige for at vi skal nå desse måla.
Kunnskapsdepartementet gav Kompetanse Norge i oppdrag å utvikle et nasjonalt tverrsektorielt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Rammeverket er eit nyttig verktøy både for karriererettleiing og andre som har ansvar for tenestene, og er sentralt for å nå dei ønske mål om tilgang, kvalitet og profesjonalitet
Karriererettleiing
Det er fleire sektorar som tilbyr profesjonell karriererettleiing, mellom anna har elever i grunn- og vidaregåande rett på naudsynt karriererettleiing. NAV leverer også karriererettleiing til sine brukarer. Arbeids- og inkluderingsverksemdene har også lang erfaring i denne tenesta til sine brukarar. Dei offentlege karrieresentrene tilbyr gratis karriererettleiing og bistand til jobbsøking til alle over 19 år, uavhengig anna tilknyting til andre sektorar eller tenester, eller at dei allereie er i arbeid. Målet er at vegsøkarane skal bli kjent med sine eigenskapar, interesser og kompetanse og kunne ta gode og velinformerte val knytt til utdanning, opplæring og arbeid. Overganger knytt til arbeid og utdanning vil finne stad heile livet, og karriererettleiingstenesta skal ver open for alle.
Karriere Vestland
Vestland fylkeskommune har etablert karriererettleiingstenesta Karriere Vestland, og tilbodet er tilgjengeleg på deira nettside.
Karriererettleiing på nett
Det finst ei teneste for offentleg, kvalitetssikra og gratis karriererettleiing på nett. Denne blir drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Tenesta tilbyr rettleiing på chat og telefon, i tillegg til ein nettstad med informasjon og sjølvhjelpsverktøy.