Inkubator- og næringshageprogrammet 2023–2032

For Vestland fylkeskommune er det viktig å ha ein god innovasjonsinfrastruktur i heile fylket. Gründerar, bedrifter og lokalsamfunna skal ha så gode verktøy som mogleg for å skape grøne arbeidsplassar og auke berekraftig verdiskaping.

Inkubatorane og næringshagane utgjer ein stor og viktig del av den regionale næringsinfrastrukturen.

Inkubasjonsprogrammet

Inkubasjon er eit verktøy for å leggje til rette for utvikling av berekraftige bedrifter med internasjonalt vekstpotensial, og på den måten bidra til auka verdiskaping og eksport.
Gjennom inkubatorane får bedriftene tilgang til profesjonelle rådgivingstenester, arenaer for utveksling av kunnskap, relevante nettverk og tilgang til kapital.

Inkubatorar i Vestland 

Inkubator Tilskot
VIS 7 000 000 kr
Kunnskapsparken Vestland 4 000 000 kr
Industriutvikling Vest 3 500 000 kr
Atheno 3 500 000 kr
Aksello 2 200 000 kr
Startup LAB 1 700 000 kr

 

Næringshageprogrammet

Dette programmet har som visjon å utvikle eit berekraftig og framtidsretta næringsliv i distrikta. Næringshageprogrammet skal bidra til auka verdiskaping ved å tilby tenester som gjer at bedriftene effektivt kan bli meir berekraftige og framtidsretta

Næringshagar i Vestland

Næringshage Tilskot
Klar Bedrift AS*  2 800 000 kr
Sognefjorden Næringshage AS 2 400 000 kr
Stryn næringshage AS 2 800 000 kr
Hardanger og Voss Næringshage AS 3 500 000 kr

* ved ein feil vart det oppgitt feil tidlegare tildelt sum for Klar Bedrift AS. I programmet for 2022 vart det tildelt 3,3 millionar, og ikkje 1,8 millionar som oppført i den politiske saka PS 65/2022 i hovudutval for næring, 10.11.2022

Siva og fylkeskommunen sine roller

Fylkeskommunane er oppdragsgjevarar for Siva. Det inneber at fylkeskommunane utbetaler midlar til Siva to gonger kvart år basert på oppdragsbrev. Siva utbetalar programtilskotet til næringshagane og inkubatorane to gonger kvart år. 

Fylkeskommunen handsamar saker knytt til inkubator- og næringshageprogrammet i hovudutval for næring, som er delegert mynde til å ta avgjerd i slike saker av fylkestinget i Vestland fylkeskommune. 

Opptak til programperioden 2023–2032 for inkubator- og næringshageprogramma vart handsama i hovudutval for næring 10. november 2022.