Har du fått tilskot til prosjekt innan nærings- og samfunnsutvikling?

På denne sida har vi samla viktig informasjon til mottakarar av tilskot til prosjekt ved avdeling for næring, plan og innovasjon. Denne informasjonen er òg nyttig for dei som vurderer å søkje om tilskot.

Tilsegnsbrevet er viktig

Tilsegnsbrevet inneheld viktig informasjon om rettane og pliktene dykkar. Det er viktig at de les dette. Eit signert tilsegnsbrev er ein kontrakt med Vestland fylkeskommune om støtte til prosjektet.

Hugs å signere tilsegnsbrevet digitalt innan tre veker frå de mottek brevet. Signering betyr at de aksepterer vilkåra i tilsegnsbrevet.

Når de rapporterer og ber om utbetaling, er det viktig å kontrollere mot vilkåra i tilsegnsbrevet. Bruk arkivsaksnummeret, eventuelt tilsegnsnummer, i kontakt med oss om prosjektet. Dette finn de også i tilsegnsbrevet.

Rapportering og utbetaling  

Når de skal rapportere og/eller be om utbetaling, nyttar de nettstaden regionalforvaltning.no.

Utbetalingar skjer i samsvar med støtteandelen fylkeskommunen har innvilga. Støtteandelen finn de i tilsegnsbrevet.

Kva kostnader kan førast?

Vi godkjenner berre kostnader som er i tråd med godkjend kostnadsplan i tilsegnsbrevet.  

Berre kostnader i prosjektperioden – frå startdato til sluttdato – er godkjende. Kostnader før eller etter denne tidsramma kan ikkje førast.

Godkjend kostnadsplan, prosjektperiode og vilkår finn de i tilsegnsbrevet for prosjektet.

Sluttrapport og sluttutbetaling

Når prosjektet er ferdig, og innan fristen, skal de rapportere og be om sluttutbetaling i Regionalforvaltning.no. Eventuelle unntak står i tilsegnsbrevet.

Ved sluttutbetaling vert det kravd signert sluttrekneskapsskjema. Lenke til sluttrekneskapsskjemaet finn de her.

Sluttrekneskapsskjemaet handterer ikkje klipp og lim-funksjonen. De må føre inn tala manuelt.

Sluttrekneskap og revisjon

Rekneskapen skal spegle godkjend kostnads- og finansieringsplan.

Revisjonskrav: Sjå tilsegnsbrevet for reglane som gjeld for dykk.

Timesats for egeninnsats

De finn avtalt timesats i tilsegnsbrevet for prosjektet.

Frå 18.11.2025 vil denne timesatsen bli nytta i nye tilskotsordningar:

Godkjent timesats for eige arbeid i prosjekt er inntil 1 promille av nominell årsløn*, maksimalt kr 1500 per time, totalt inntil 1850 timar per år.

* Nominell årsløn er avtalt årsløn utan tilleggskostnader, som sosiale og indirekte kostnader (overheadkostnader).

I tillegg gjeld dette:  

  • Alle tilskot med eigeninnsats over kr 700 pr time må dokumenterast med nominell årsløn.
  • Tilskot under kr 250 000 (grense for revisorgodkjenning) med eigeninnsats under kr 700 pr time dokumenterast med signert prosjektrekneskap.
  • Særvilkår for aktørar som har avtalt timepris med Norges forskningsråd.
  • Dugnadsarbeid gjeld få tilskotsordningar hjå avdeling for næring, plan og innovasjon og blir handsama i den respektive ordninga.