Tilskot til normalladarar ved reiselivsdestinasjonar i Vestland
Reiselivsaktørar og andre organisasjonar kan søke Vestland fylkeskommune om tilskot til å kjøpe og sette opp normalladar for besøkande.
Vestland fylkeskommune har som mål at klima og miljø skal vere premiss for samfunnsutvikling. Vi skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Samstundes skal Vestland utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet.
Elektrifisering av bilparken er eitt av satsingsområda for å nå måla om klimaomstilling. Det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket og fylkeskommunen har gitt bidrag til utrulling av det offentlege hurtigladenettet over fleire år.
Kven kan søke?
Ordninga er for reiselivsaktørar og andre organisasjonar som vil etablere offentleg tilgjengelege normalladarar for besøkande. Aktuelle plassar er til dømes overnattingsplassar og parkeringsanlegg knytt til kulturareanaar og turområde.
Søknadsfrist
Ordninga har løpande søknadsfrist, og søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Vilkår for tilskot
- Det blir løyvd 10 000 kr per ladeuttak.
- Vestland fylkeskommunen bidreg med finansiell stønad. Mottakar må sjølv syte for innkjøp og montering av utstyret.
- Du må vente på tilsegn frå fylkeskommunen før du bestiller eller kjøper ladaren, med mindre anna er avtalt.
- Du som søkjer har eitt år på å gjennomføre tiltaket og sende inn sluttrapport/ferdigmelding.
- Tilskot blir utbetalt etter at utstyret er montert og sett i drift. Aktuelle mottakarar vil bli informert i eit tilsagnsbrev om krav til dokumentasjon og framgangsmåte for utbetaling. Utbetaling skjer etter at kvittering for innkjøpt og montert utstyr er lasta opp.
- Einskildbedrifter eller interesseorganisasjonar kan ta imot stønad på vegne av fleire aktørar. Søkjaren er ansvarleg for gjennomføring og for at vilkåra til stønad er oppfylt.
- Ladeuttaket skal vere sett opp i høve til gjeldande krav og forskrifter knytt til elbillading.
- Kvart ladeuttak skal kunne gje monaleg ladeeffekt, slik at brukarane får god praktisk nytte.
- Mottakar skal sjølv eige ladeutstyret, men drifta kan gjerast av tredjepart.
- Pris for lading skal svare til normal marknadspris for elkraft.
- Støtte vil bli gitt som bagatellmessig støtte. Eit føretak kan ta imot inntil 200 000 euro over ein periode på tre år som bagatellmessig støtte. Ordninga er tilgjengeleg her.
- Ordninga har løpande saksbehandling og har ingen søknadsfrist. Det løyvast stønad så lenge budsjettet for ordninga rekk.
Klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen vert rekna frå den dagen dei fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.
Du kan sende klagen til Vestland fylkeskommune, på e-post post@vlfk.no
Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak som det vert klaga på, og dei grunnar som klagen støttar seg til.