Tilskot til hurtigladeinfrastruktur for elektriske køyretøy 2024

Du kan no søkje tilskot til utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar i Vestland. Søkandsfristen er 3. september.

Vestland fylkeskommune har som mål at klima og miljø skal vere premiss for samfunnsutvikling. Fylkeskommune skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Vestland fylkeskommune skal samstundes utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet. Elektrifisering av bilparken er eitt av satsingsområda for å nå måla om klimaomstilling.

Det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket, og fylkeskommunen har gitt bidrag til utrulling av det offentlege hurtigladenettet over fleire år. Slik hurtiglading er godt tenleg for folk som er i farta.

Det er framleis behov for offentleg stønad til etablering av ladeinfrastruktur i fylket. Det gjeld i område der låg elbilandel gjev lågt kundegrunnlag, og i nisjar der elektrifiseringa ikkje er komen godt i gong enno. I tillegg vil ein i 2024 rette inn midla spesifikt for å løyse utfordringar for drosjenæringa.

Målet med utlysinga

Vestland fylkeskommune har sett av 4,5 mill. kr til stønadsmidlar til ladeinfrastruktur til elektriske køyretøy for 2024. Målet med utlysinga er å utvide ladetilbodet i Vestland for å gjere det det praktisk å bruke elbil i heile fylket.

Fylkeskommunen tilbyr difor investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar. Ordninga skal gjere det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på stader der utbygging ikkje kan skje på kommersielt grunnlag aleine. 

Denne tilskotsordninga støttar ikkje heimelading/normalladeuttak for drosje eller ladeanlegg i private burettslag og sameige. Sjå eiga ordning for støtte til heimelading/normalladeuttak for drosje.

Kven kan søkje?

I hovudsak kan kommunar og private hurtigladeoperatørar søkje. Utlysinga gjeld for heile Vestland.

Hurtigladeoperatøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.

Søkjarar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, helseføretak, handels- og serviceverksemder, kraftselskap i prosjektet. Det er òg ønskeleg om ladeoperatøren får finansiering frå andre eksterne aktørar for å gje rom for å utbetre ladetilbodet utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Døme på dette kan vere tilskot frå kommunar eller Merkur-programmet. Merkur-programmet gjeld spesifikt for Merkur-butikkane i distrikta.

Kva støttar vi?

I 2024 skal prioriteringa i hovudsak vere å betre dekninga i distrikta, med hovudvekt på å løyse utfordringar for drosjenæringa. Dette gjeld mellom anna i distriktsområda rundt Bergen, som til dømes nordlege delar av Nordhordland, Masfjorden/Masfjordnes, Osterøy, tidlegare Fusa/Eikelandsosen, i tillegg til Austevoll og Bremanger.

Generelt skal midlane i tilskotsordninga gå til etablering av nye, og styrking av eksisterande ladeplassar, som ikkje kan byggast ut på kommersielt grunnlag åleine. Tilskot skal vere avgjerande for at prosjektet kan realiserast. 

Fylkeskommunane kan dekke opptil 100 prosent av godkjende investeringskostnadar. Driftskostnader vert ikkje dekka.

Sambruk mellom bil og båt

I tillegg kan ordningar som prioriterer sambruk av infrastruktur mellom bil og båt vere aktuelt.

Elektrifisering av småbåtar krev ladeinfrastruktur. Sambruk mellom ulike transportmiddel er ei ønska tilnærming for at infrastrukturen skal nå ut til fleire potensielle brukarar. Moglegheita for sambruk mellom bil og båt vert vekta med 10 prosent.

Kva støttar vi ikkje?

Prosjekt som allereie er vedtatt gjennomførte, monterte eller sette i gang, vert ikkje støtta.

Utlysinga skal bidra til å oppnå måla i fylket sin strategi for vidare utvikling av hurtigladetilbodet i Vestland (pdf). Fylkeskommunen kan gje lovleg stønad til einskildføretak for å realisere samfunnsnyttige tiltak som ikkje kan gjerast på kommersielt grunnlag åleine. Nokre ladeoperatørar oppgraderer ladeplassane sine med betre ladeutstyr på kommersielt grunnlag.

Fylkeskommunen kan ikkje gje tilskot til oppgradering av eksisterande ladeplassar i umiddelbar nærleik til slike ladeplassar. Det gjerast unntak for ladeplassar som ikkje vil påverke konkurransen negativt, eller som gagnar drosjenæringa og sambruk mellom bil/båt i vesentleg grad.

Søknadar vert evaluerte med omsyn til

  • søkt tilskotssum per ladeuttak
  • ladetilbodet elles i nærleiken
  • ladeeffekt per ladeuttak 
  • nytteverdi for småbåtar.

Med ladeuttak meiner vi ladeuttak som kan nyttast til ein kvar tid. Det vil seie at ein ladestolpe med to uttak, der eitt kan nyttast om gongen vert definert som eitt ladeuttak. Likeins vert ein ladestolpe med fire uttak, der det er plass til to bilar, definert som to ladeuttak.

Evalueringskriterium Poengintervall Vekt
Kr/kW: Omsøkt stønadsbeløp per installert kW 0–10 i høve til lågaste og høgaste kr/kW 40
Lokalisering i høve tli nettverket av hurtigladarar, spesielt knytt til drosjebehov 0–10 30
Omsøkt stønadsbeløp per ladeuttak 0–10 i høve til lågaste og høgaste søknadssum per ladeuttak 20
Moglegheit for sambruk med båt 0–1 10

Søknadsfristen er 3. september. De må sende søknaden via regionalforvaltning.no og leggje ved ei oversikt over kostnadar for kvart tiltak.

Det vert politisk behandling i hovudutval for næring 15 oktober , og svarbrev vert sendt kort tid etter politisk behandling. Søkjar må innan innan tre (3) veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot, akseptere og signere tilsegnsbrevet (e-signering).

Stønad vert utbetalt på etterskot. Tidsfrist for driftsetting og fakturering er eitt år etter signert tilsagnsbrev. Dersom søkjar ikkje har igongsett tiltaket og bedt om utbetaling innan eitt år, kan tilsegna felle bort. Tilskotsmottakar kan søkje om utviding av fristen.

Utbetaling av tilskot

Søkjar ber om utbetaling gjennom regionalforvaltning.no.

For utbetaling, er det krav om dokumentasjon av kostnadar for tiltaket samt ein kortfatta rapport der det går fram talet på ladeuttak, kW osv.

Vilkår for gjennomføring

Vilkår for gjennomføring av prosjektet vil gå fram av tilsagnsbrevet. Tilskotet må verte brukt i samsvar med godkjente tiltak i det tidsrom som går fram av tilsagnsbrevet. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.

Kontroll

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.

Ordninga innfrir vilkåra til det alminnelege gruppeunntaket (GBER) og ordninga er dermed førehandsgodkjent av ESA. Det vil seie at stønadsordninga er lovleg i medhald av EØS-avtalen sine regler om offentleg stønad.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen vert rekna frå den dagen dei fekk melding om vedtaket.

Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans, og du kan sende klagen til Vestland fylkeskommune, på e-post: post@vlfk.no

Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak som det vert klaga på, og dei grunnar som klagen støttar seg til.