Regional plan for fornybar energi 2023-2035

Fylkestinget har vedtatt Vestland sin første Regionale plan for fornybar energi. Den stadfestar ambisjonen om at Vestland fylke i framtida framleis skal vera fylket som produserer mest grøn energi i Noreg.

Regional plan for fornybar energi er eit av grunnlaga for klimaomstillinga av Vestland fylke. Den har som oppdrag å fastsette mål om ambisjonsnivå og utbygging av fornybar energi. Planen blei vedtatt av fylkestinget 14. desember 2023.

Regional plan for fornybar energi set den strategiske retninga for en tydeleg regional politikk i Vestland, og synleggjer viktigheita av at vi brukar alle dei fornybare energikjeldene som er tilgjengelege i regionen vår - vatn, vind, sol, hav og jord.

For å nå dei store, globale klimamåla, må vi gjere ein innsats på alle nivå, inkludert på regionalt og lokalt nivå. Vestland set seg høge ambisjonar knytt til klimaomstilling og nullutslepp i Utviklingsplan for Vestland 2020-2024. Vi er både modige og framoverlente. Vi skal inkludere, inspirere og mobilisere heile Vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande samfunnsutvikling.

Skal vi lukkast med ein god kraftbalanse og sikker kraftforsyning som bidrar til den grøne verdiskapinga er det vesentleg med produksjon av og tilgang til fornybar energi.

Kunnskapsgrunnlag

Les kunnskapsgrunnlaget for Regional plan for fornybar energi 2023-2035 skildrar kraftsystemet i Vestland

Høyringsrapport

Det har kome 107 innspel til den regionale planen for fornybar energi og handlingsprogrammet gjennom høyringsprosessen. Alle innspela er gjengjeve i sin heilheit i denne rapporten for å sikra ein open prosess.

Les høyringsrapporten til Regional plan for forbybar energi