Forsvarsforum Vestland IPR
Målet med Forsvarsforum Vestland er å utvikle ein sterk region der nasjonale sikkerheitsinteresser, Sjøforsvaret, totalforsvaret og næringslivet nyttar kvarandre.
Forsvarsforum Vestland Interkommunalt politisk råd (IPR) vart oppretta av fylkestinget i Vestland 1. oktober 2025.
Rådet er eit regionalt samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunen og relevante aktørar innan forsvar, næringsliv og kunnskapsmiljø. Forsvarsforum Vestland skal arbeide for å styrke beredskap og industri gjennom auka bruk av lokale leverandørar.
Medlemmer
Representantskapet i Forsvarsforum Vestland IPR er fylkesordførar i Vestland fylkeskommune (leiar), byrådsleiar i Bergen og ordførarane i Øygarden, Bjørnafjorden Askøy, Alver, Stord og Kinn.