Store, ledige og regulerte næringsareal

Bergensregionen har fleire store, regulerte næringsareal som er egna til ulike bransjar og fleire behov.

Invest in Bergen har svært god oversikt over både ledige areal og kva eigenskap de ulike areala har og kva industri eller etablering som egner seg for kvert areal. Vi har og oversikt over større næringsbygg som kan vere aktuelle for nyetablerarar som treng næringslokala av ein viss størrelse.

Vi er no i gang med ein kartlegging av dei ti største næringsareala i regionen. Det aller største næringsarealet i regionen er Mongstad Industrial Park. Her er det 4 900 mål ledig areal – omtrent halvparten er ferdig regulert, resten er satt av i kommuneplanens arealdel. Grunneigar er no i gang med reguleringsplanarbeid for delar av dette området.

Andre store næringsareal i regionen

  • Kollsnes Næringspark, Øygarden
  • Mjølkevikvarden, Askøy
  • Skipavika, Gulen
  • Sløvåg, Gulen
  • Espevoll, Osterøy
  • Nordhordland Næringspark, Alver
  • Istad Næringspark, Voss
  • Lyseparken, Bjørnafjorden
  • Ådnamarka, Bjørnefjorden
  • Storebotn/Horsøy, Askøy

Arealguiden

Invest in Bergen har ein svært god oversikt over alle ledige næringsareal i Bergensregionen av ein viss størrelse. Disse er lagt inn i Commercial sites - Invest In Bergen 2022.

Vi tar gjerne ein prat med deg som er interessert i næringsareal i Bergensregionen. Ta kontakt med oss for meir informasjon eller synfaring på nokon av områdane.