Invest in Bergen

Invest in Bergen er eit program for å få fleire nasjonale og internasjonale investeringar og etableringar i Bergensregionen.

Invest in Bergen er den offisielle organisasjonen i Vestland som arbeidar for å få fleire investeringar og bedriftsetableringar i Bergensregionen. Tenestene er gratis for dei som ønskjer hjelp for å etablere seg i regionen.

18 kommunar og Vestland fylkeskommune er saman om programmet. 

Invest in Bergen er den lokale partnaren til Invest in Norway, ein del av Innovasjon Norge. Gjennom Invest in Norway har Invest in Bergen kontakt inn til Invest in Norway sine internasjonale kontaktar.   


Kva gjer Invest in Bergen? 

Invest in Bergen har eit godt nettverk og er godt kjend med næringane, klyngene og organisasjonane i Vestland. Desse er viktig samarbeidspartnarar for å kunne jobbe målretta for å få fleire etableringar og investeringar i regionen.   

  • Invest in Bergen arbeidar langs to aksar:
    Hjelpe mindre internasjonale bedrifter inn i regionen.
  • Større industrielle satsingar som krever store næringsareal med tilgang til mykje elkraft.

 

For å nå målet om fleire internasjonale etableringar langs dei to aksene, vert det kvart år utarbeidd handlingsplaner knytt til overordna strategiar innan følgjande tema: 

  • Marknadsføring og profilering av regionen. 
  • Aktivt sal av regionen som ein attraktiv stad å etablere seg i. 
  • På staden-service for dei som vitjar regionen. 
  • Næringsvenleg offentleg sektor: Kva kommunane og det offentlege må leggje betre til rette for at nytt næringsliv skal etablere seg her hjå oss. 
    • Marknadsføring og profilering av regionen.  
    • Aktivt sal av regionen som ein attraktiv stad å etablere seg i.  
    • På staden-service for dei som vitjar regionen.  
    • Næringsvenleg offentleg sektor: Kva kommunane og det offentlege må leggje betre til rette for at nytt næringsliv skal etablere seg her hjå oss.  

Invest in Bergen er finansiert av Vestland fylkeskommune og følgjande kommuner: 
 
Alver, Askøy, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden. 
 
Sju politikarar i kommunane som finansierer Invest in Bergen utgjer styringsgruppa. 
 
Det vert også halde eit Eigarmøte årleg kvar vår/sumar.