LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland
Vil du vere med og skape eit levande, attraktivt og inkluderande lokalsamfunn?
LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkje trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak.
Sjå informasjonsvideo om programmet:
Opptak hausten 2026
Det blir nytt opptak til LivOGLyst-programmet hausten 2026. Vi kjem tilbake med søknadsfrist når denne er klar.
Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?
Eit LivOGLyst-prosjekt blir drive av innbyggjarar i lokalsamfunnet. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Målet er å samle folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser for å skape noko positivt saman.
Forprosjekt
Prosjekta startar alltid med eit forprosjekt. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr i støtte til å få folk med, skape engasjement, få fram idear og teste dei ut. Første året handlar det ikkje om å ha ei løysing klar - men å samle folk og å finne ut kva dei har lyst til.
Hovudprosjekt
Etter forprosjektet kan de søkje om å bli eit hovudprosjekt. Då kan de få 300 000 kr over tre år og kan jobbe vidare med arbeidet frå forprosjektet.
Tilskota til forprosjekt og hovudprosjekt kan brukast til
- Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
- Mobiliseringstiltak og aktivitetar (t.d. idéverkstader, arrangement, møteplassar, utstyr)
- Deltaking i LivOGLyst-nettverket (reise, opphald, kurs)
LivOGLyst-nettverket
Som prosjekt blir de del av eit regionalt nettverk med andre eldsjeler frå heile fylket. Her får de
- opplæring i prosjektarbeid og relevante tema
- ei årleg fysisk nettverkssamling med inspirasjon og erfaringsdeling
- digitale faglege og sosiale møteplassar gjennom året
- oppfølging frå fylkeskommunen og ein lokal kontaktperson i kommunen
Få inspirasjon og les om prosjektet til Ålfoten LivOGLyst.
Kriterium for å søke
Forprosjekt
- Søkar må vere ein frivillig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret frå eit lokalsamfunn i Vestland fylke. De kan opprette ein eigen LivOGLyst-organisasjon eller samarbeide med ein eksisterande frivillig organisasjon som t.d. eit grendalag, ungdomslag og liknande. Fleire organisasjonar samarbeider gjerne om eit prosjekt, men ein organisasjon må stå som eigar.
- Søknaden må beskrive lokalsamfunnet og seie noko om utfordringar og moglegheiter som finst. Søknaden skal vise at prosjektet er eit grasrot-initiativ i regi av innbyggjarar og forankra på tvers av lokalsamfunnet.
- Prosjektet skal ha eit styre på minst 4–5 personar, og det er ønskeleg at styret reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet.
- Søknaden må vise korleis de har tenkt å invitere befolkninga inn i prosjektet og evna til å mobilisere lokalbefolkninga til opne prosessar der alle kan delta og stimulere til frivilligheit og dugnad.
- Søkar må ha kontakta kommunen sin, og fått ein skriftleg stadfesting om at prosjektet har ein eigen kontaktperson tilsett i kommunen. Denne skal fungere som ein ressurs for prosjektet.
Hovudprosjekt
- Søkar må ha skriftleg stadfesting frå kommunen om eit økonomisk bidrag på 30 000 kr årleg (90 000 kr totalt), som blir overført direkte frå kommunen til prosjektet.
- I søknaden må hovudprosjektet beskrive kva de har kartlagt og korleis de har mobilisert lokalsamfunnet i forprosjektet. De skal også beskrive ein plan for aktivitetar, tiltak og vidare mobilisering i hovudprosjektet.
Dette kan ikkje få støtte
- Frivilligsentralar (men dei kan vere samarbeidspartnarar)
- Etablerte prosjekt eller ferdig utforma tiltak
- Store fysiske investeringar (tilskotet skal gå til aktivitetar, ikkje bygg eller anlegg)
- Drift av eksisterande tilbod