Statistikk for reiselivet på Vestlandet

Her finn du dashbord med statistikk for reiselivet på Vestlandet. Dette er testversjon.

Du finn informasjon om kvar dataane kjem frå i dashbordet under fana "Heim".

Statistikken er fordelt på fire nivå - Vestlandet, fylke, destinasjon og kommune. På dei tre nivåa fylke, destinasjon og kommune kan du sjølv velje kva for fylke, kva for destinasjon og kva for kommune du ønskjer å sjå data frå. Du kan også samanlikne mellom to fylke, to destinasjonar eller to kommunar. 

Du får ei oversiktsvisning når du går inn på ein av dei fire nivåa, deretter kan du velje om du vil sjå nærare på verdiskapinstal, overnattingstal, cruise eller tal frå delingsplattformar (Airbnb og liknande). 

Det er også lagt inn historiske data der vi har dette, slik at du kan velje årstal du er interessert i, samt velje om du ønskjer heilårstal, tal for sommarhalvåret eller for vinterhalvåret. 

Dashbordet er utvikla i samarbeid mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal og blir kontinuerleg oppdatert. 

Dette er testversjon og særleg tal frå delingsøkonomi er det usikkerheit rundt/inneheld feil vi er klar over. Dei er med for å illustrere moglegheiter.