Reiseliv

Vestland fylke skal bli ein av dei fremste regionane i verda for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet.

Kvifor jobbar fylkeskommunen med reiseliv?

Vestland fylkeskommune satsar på reiseliv fordi reiselivsnæringa spelar ei viktig rolle for å ivareta og utvikle arbeidsplassar i fylket, samt for å halde oppe store og små samfunn. Overrislingseffektane frå reiselivet er ein sentral grunn til at fylkeskommunen satsar på reiseliv. Heilårsturisme og eit meir berekraftig reiseliv skal vere til det beste for både innbyggjar og besøkande. Betre lønsemd gir grunnlag for fornying og ringverknadane for andre bransjar er stor.

Sysselsetting og verdiskaping

Reiselivet er ein viktig arena for sysselsetting og skapar arbeidsplassar innan fleire næringar. I 2021 var det rekna med at rundt 45 000 personar var tilsett i reiselivsnæringa i dei tre vestlandsfylka, Fjor Norge-regionen. Av desse reknar vi med at om lag 21 000 var tilsett i Vestland fylke (Menon, 2023).

Tal frå Innovasjon Norge viser til ei samla verdiskaping frå næringa for Vestland fylke på NOK 6 309 319 000 i 2021. Vestland har ei rekkje store næringar i vår region, og verdien av reiseliv ligg derfor litt under det nasjonale snittet – 3,6 prosent av verdiskapinga i Vestland samanlikna med 4,5 prosent av BNP. Det er verdt å merkse seg at personskatt frå tilsette i reiselivsnæringa er ein svært viktig del av inntektene til kommunane, sidan næringa er arbeidsinntensiv.